I dag er det nøyaktig ein månad til bokslepp. Eg jobbar på BUP om dagane, er sliten og blåst i skallen på kveldane, og veit at andreboka (den vanskelege? kvifor vanskelege? no kan eg meir, veit meir, treng ikkje drite meg ut med å skrive planlaust i månadsvis?) bør vere litt meir enn noverande filinnhald ved lansering, hjernen virkar ikkje heilt på kveldstid, eg bloggar ikkje eingong.
Eg har lese ei bok og brukte to dagar på å gruble på noko eg ville seie om den. Dette kan eg sende til Morgenbladet, tenkte eg. Så gjekk det ein dag til. Dette må eg blogge om, tenkte eg så. Men ingenting. Ikkje så mykje som ein sms til forfattaren, liksom.
Kva skjer med hjernen min? Er den tilbake på jobbmodus, småbarnsmammamodus, handle-middag-leksehjelp-lesestund-tannpuss-sang-nettsurfemedfjernsynpå-vipsiseng-modus? Vil eg ha det slik? Kva kan eg gjere for å endre det?
Så mange spørsmål, så avgrensa kognitive evner.
Kanskje du kan sette deg ned og skrive det blogginnlegget med en gang? Eller det om den boka? Øve deg på å ta litt om gangen? Selv om du ikke har mer en kvarter? Ikke fordi det er gunstig, men fordi det er nødvendig?
Du har så rett, så rett. Fokus.
Haha, no har eg same kjensla (kronisk) som dengong eg var midt i hovudfaget og jobba som oversettar og terapeut og plutseleg fekk det for meg at eg måtte ha briller.
Eg gjekk til optikar og forlangte briller.
Han nekta å gje meg briller. Synstesten kvalifiserte ikkje til ei einaste brille.
Eg vil ha briller igjen.
Du kan få mine briller, Avil. Hmm.. men da ser jeg ingenting og trenger sikkert førerhund. Jeg liker hunder. Hunder gjør meg glad. Avil, vil du ha brillene mine?
Eg trur eg må ha briller utan styrke, sidan optikaren nektar å gi meg briller.
Eg mistenker at det nok er noko inni skallen eg treng å ordne opp i, og ikkje noko som kan settast på nasen.
Pffft. Hva vet vel optikeren.
Jeg gikk også til optiker for en ukes tid siden. Trodde jeg måtte ha briller, for jeg ser da vitterlig mye dårligere enn før.
Men, neida.
Jeg hadde visst helt bra syn.
Og du: det du skrev i posten, det er jo greit å være en stund i «jobbmodus, småbarnsmammamodus, handle-middag-leksehjelp-lesestund-tannpuss-sang-nettsurfemedfjernsynpå-vipsiseng-modus» en stund også. Det ække bare bare det.
Flink, er du.
Ehm. «jobbmodus, småbarnsmammamodus, handle-middag-leksehjelp-lesestund-tannpuss-sang-nettsurfemedfjernsynpå-vipsiseng-modus» summerer opp livet til ganske mange av oss andre, trur eg.
Du er i «BUP»-modus, tenker eg. Å jobbe i barnepsykiatrien er tøffare enn dei fleste kan forestille seg, eg har gjort det i 16 år…
Heldigvis er klientane mine dei aller nydelegaste av alle ungdommane i heile verda.