Eg er gammal venstredame. Eller, for å vere heilt presis: Gammal Unge Venstre-dame.  Det betyr fleire ting, for dei innvigde. Kjapp oppsummering i listeform:

  • Eg er ein forsiktig idealist.
  • Eg har eit grunnleggande positivt menneskesyn, og trur derfor på velferd for dei som treng, og fridom for marknaden innanfor fornuftige rammer.
  • Eg er vant til å heie på det eg trur på, også når partiet er ute av stortinget.
  • Eg har vore medlem og aktiv innanfor eit parti med god plass til homofile, verdikonservative, folk for og mot EU, vegetarar, dyrevernarar, antirasistar, legaliseringsentusiastar, folk som trur på samfunnsløn, natur- og ungdomfolk (slike som vil følge reglane), bellonafolk (slike som trur på bråkete demoar i båt). og ein røys andre folk som elles er mest kjent for å vere uenige med dei fleste.

Men så skjedde ei rekke uheldige hendingar, og Venstre viste seg å velge ein veldig lite Unge Venstre-aktig leiar, som etterkvart lot Kjell Magne Bondevik vere statsminister. Eg fann meg sjølv i djup politisk krise.

Eg var for medlemsskap i EU, for personvern og betre vilkår for små bedrifter, for betre vilkår for akademikarar, og eg sleit seriøst med sosialdemokratane si uheilage allianse med moralisme i einkvar sak der staten kunne innskrenke folk sin fridom og sope inn nokre pengar for deretter å bestemme og styre.

Eg visste ikkje kvar eg skulle gå med den forsiktige, lett verdikonservative og liberale idealismen min.

Eg stemte på Høgre.

Det var ingen jubelavgjerd, men eg hadde nokon å stemme på. Nokon som hadde Per Christian Foss og Georg Apenes. Nokon som både ville ta vare på dei svake og dei som hadde ressursar.

No seier Erna Solberg eit «klokkeklart ja» til regjeringssamarbeid med FrP. Det forsiktig idealistiske, liberale og verdikonservative Høgre vil sleppe dei økonomisk uansvarlege og populistiske FrP-politikarane inn i regjeringsposisjonar, og la folk som verken vil ta vare på dei svake eller dei ressurssterke få styre over landet.

Farvel, Høgre. Det var skjørt, usikkert og ambivalent så lenge det varte.

No er eg igjen i partipolitisk ingenmannsland.

Reklamer