To kvinnelege journalistar i to av landets mest seriøse aviser har no referert same sak. Begge unngår å reflektere over kva dei oversetter, og begge blir dermed talskvinner for arkaiske og undertrykkande haldningar til kjønn, makt og seksualitet.

Dagsavisen var først ute. 06.05.09 refererer Heidi Katrine Bang til ei sak frå den franske avisa Libération, og ho velger å køyre saka fram som forskingsresultat:

(…) en fersk oppdagelse fra det britiske trendforskingssenteret Future Foundation: Den nye mannen er verken metroseksuell eller noen muskelbunt på klubbejakt etter mammuter. Mannen anno 2009 er gastroseksuell.

Ifølge definisjonen er dette en enslig mann i alderen 25 til 44 år med trang til å iføre seg forkle og skarpe kniver bak gryter med mye damp. Matlagingens formål er ikke å mette magen (man er da ikke noen simpel husmor…). Nei, matkunstnerens ønske er nytelse, ros, anerkjennelse – og å få middagsgjesten til sengs.

Kokkeforførerne har, ifølge rapporten, vokst i antall i takt med kvinnefrigjøringens frammarsj. I Frankrike, for eksempel, var det i 1997 kun 28 prosent av landets menn som så seg i stand til å lage middag minst en gang i uka. I dag er andelen økt til 51 prosent.

Men ho referer ikkje til forskning. Ho refererer til ei fransk avis som har valgt ei vinkling på saka som burde interessere Dagsavisens journalist meir enn det faktum at menn no lagar mat til kvinnelege gjester. Libération si forståinga og formidling av desse forskningsresultata blir verken drøfta eller stilt spørsmålsteikn ved. Den skin berre gjennom i den vidare refereringa:

(…) gastroseksuelle Sebastien (36), som ifølge avisa Libération ikke legger skyld på hva det hele egentlig koker ned til:

«Soverommet er jo kun noen meter fra kjøkkenet. Når en middagsinvitasjon først er akseptert, lykkes jeg i 75 prosent av gangene den første kvelden. Totalt lykkes jeg 95 prosent».

Over to veker seinare kjem Bergens Tidende sitt referat, ved Cathrine Hansen. Ho oppgir kjelder: Libération, Future Foundation: «The Emergence og the Gastrosexual», Eurostat.
Saka står i BT Magasinet laurdag 23.05.09, kun papirutgåva. Eit fyldig referat frå den såkalla gastroseksuelle Sebastien, som i dette referatet skal ha sagt at:

Etter middagen lykkes jeg med å få 75 prosent av kvinnene til sengs første kveld, og 95 prosent totalt.

BT refererer også til Libération sine to andre intervjuobjekt som også forfører ved matlaging. Heller ikkje her blir det stilt eit einaste spørsmål eller lufta ei einaste refleksjon ved det formidla synet på menn, kvinner, sex og vilje. Det næraste Hansen kjem å legge til si eiga refleksjon finn ein i den humoristiske avsluttande setningen:

Det store spørsmålet du nå sitter igjen med, er vel om han også leverer de andre varene.

Nei, Cathrine Hansen. Det store spørsmålet eg sit att med er korleis to journalistar i to av landets mest respektable aviser ukritisk kan referere angiveleg forskning sett inn i ei opplagt spekulativ og kjønnsdiskriminerande ramme.
At denne Sebastien (36) ikkje sjølv reflekterer over korvidt dei kvinnene han ligg med sjølv kan ha eigen vilje, makt og råderett over eigen kropp, lyst og seksuelle handlingar, er forsåvidt trist for han sjølv og dei han ligg med. At franske Libération lagar ei sexy sak på dette, og introduserer gastroseksuell som ny trendkategori ved hjelp av slike anonymiserte menn som lagar mat før dei puler, er forsåvidt også verd merksemd, om ein er fransk.

Men Dagsavisen og Bergens Tidende velger altså å vidareformidle saka, tilsynelatande som ein sommarlett og sexy liten magasinsak.
Er det slik desse journalistane tenker at verda er?
At kvinner let seg invitere heim til menn utan på førehand like han, ville han, ha lyst til han? At kvinner let seg overtale til å bli med menn heim ved hejlp av sleipe og manipulerande replikkar, for deretter å synke saman under hans kyndige forføringskunster? At om mannen «spiller på den psykologiske effekten» (BT) vil ho late seg forføre til sex ho elles ikkje hadde lyst til?
Eller er kvinners lyst ein reaksjon på mannens forføring? Er det mannen som seksuelt aksjonerer, mens kvinner let seg fylle av re-aksjon?

For om de ikkje tenker slik, Hansen og Bang, kvifor let de slike haldningar passere gjennom omsetjing og desk utan spørsmål?
Og om de sjølve faktisk meiner de har makt over eigen kropp, at de sjølve er aksjonerande, villande og tenkande subjekt, korleis kan de åtvare kvinner mot forføring?

Eg avslutter med Dagsavisen si avslutning:

Og selv om verdien av studien kan diskuteres, bør det være ekstra grunn før sommerferien til å advare mot menn som lokker med denne replikken: «Vil du være med hjem og se på kasserollene mine?»

Advertisements