I kveld er det lanseringsfest! Eg gleder meg til å sjå dykk, alle saman. Det blir så fint.

Bloggeforfattarane Aina Basso, Ellisiv Lindkvist og Caterina Cattaneo skal lese tekstar, og det same skal forfattar og ikkjebloggar Selma Lønning Aarø.
Eg kjem til å lese frå eit kapittel som eg skreiv ute i sommarhuset i fjor. Det var varmt den dagen, eg sto tidleg opp, satte meg ut på baktrappa med kaffikoppen, der husveggen er okergul og sola alltid varmar. Eg skreiv heile scena med blyant, og etterpå kjente eg at eg var lukkeleg. Akkurat den lukka som det er vanskeleg å finne att i desse nervøse, mest fryktsomme dagane, mens eg ventar på dei første kritikkane. Skrivelukka.
Kan hende er det andre scenar, andre kapittel, som er betre å lese høgt. Men eg vil merke at eg også har vore lukkeleg mens eg skreiv. At det ikkje berre var strev og arbeid, at det også var rein glede.

I kveld skal me vere glade.

Advertisements