Eg går midlertidig i oppløysing, eg reknar med at eg vil samlast etterkvart, til dømes om nokre veker eller månader, før ei meir endeleg oppløysing ventar der framme. Siste året har det vore skravling om lukke i alle kulturkanalar, eller så er eg like vár for lukkeskravling no som eg var merksam på barnevogner og bleiereklamar som gravid og barslande. Dengong, med kul på magen og noko som kjentes som ein fisk inne i kroppen, lot eg meg mildt provosere av små, blå kuler som rulla rundt i dataanimerte bleier mens djupe basstemmer forsikra om at desse elastiske og mjuke og pustande og vasstette innretningane ikkje ville la dei blå kulene trille ut og skjemme tøy og laken og små barnekroppar.

No let eg meg mildt provosere (det vil seie: eg lettar resignert og numment på hovudet mens eg let P2 vekke meg) når ein kristen heteronormativ og sporty ikkjerøykar vil måle kor lukkeleg eg og alle andre nordmenn er, og eg ser for meg mi eiga manglande evne til lukke framstilt grafisk som små, blå kuler som trillar rundt innanfor helsebringande og personvernkrenkande regelverk som skal verne omverda og meg sjølve mot at dei skjemmande, blå kulene skal komme til å trille ut, synleg, trille nedetter buksebeina på innsida, ned på utsida av skoene, trille stinkande og pinlege (skamfulle helst) ut på golvet på møterommet, ut på parkeringsplassen, ut på dei kvite plastaktige flisene på Kiwi, ut i det offentlege rom. Eg skal undersøkast ut frå parametre eg ikkje vil undersøkast ut frå. Eg skal målast ut frå ein målestokk som i eine enden skal seie noko om lukke.

Eg kan berre forestille meg kva andre enden av stokken skal kallast. Ulukke? Misnøye? Berre ein av sju nordmenn er misnøgde med røykelova? Berre ei av tre kvinner på kontantstøtte er misnøgde med ordninga? Berre to av fem er ulukkelege på 17 mai?

Eg kjenner knoklane mine sit laust i samanføyningane og dette har ingenting med den angivelege lukkeforskinga å gjere, det har ingenting å gjere med at alle valdtekter er omtalt som angivelege i pressa, det har ingenting med å gjere at kjønn blir nytta som overordna kategori når ein omtalar forfattarvirke, det har ingenting med å gjere at det regnar eller at eg ventar på kritikkar på mi aller første bok, det har lite eller ingenting med å gjere at eg er mor, men det har alt å gjere med at kroppen min forfell, at eg eldast, at eg langsamt er ferd med å gå i stykker, at eg aldri og under ingen omstende vil vere med på at det skal vere noko jævla kriterium for noko som helst om eg er lukkeleg, og dei som vil forske på lukke kan få lov til å kikke på hoftene mine, på alt som er mellom, på alt som er kropp og kjensler og smerter og plikter og ansvar og fridom og meiningsløyse og tilknytting og oppløysing, og dersom dei klarar å samanfatte noko av dette til eit lukkeparameter etter å ha kikka meg langt opp i mitt indre, så skal dei få eit føkkings FrP-diplom av meg med små, blå kuler heile vegen rundt som dei kan henge opp på veggen på kontoret sitt i glas og ramme, og vite at det vil henge der heilt til dei ein dag får sparken eller sluttar eller pensjonerer seg eller berre døyr heilt av seg sjølv, for då vil alt dei har tenkt uansett vere borte.

Advertisements