I morgon skal eg stille med kake på skule- og barnehagearrangement. Slike kaker skal vere moglege å frakte, dei skal sjå pene ut og vere moglege å dele i innbydande stykker. Eg har berre oppskrifter på slike kaker som smakar fantastisk, men som fell frå kvarandre om eg freister svuppe dei over på kakefat. Eg kan google sjølv, men om nokon der ute sit på ei lett og grei kakeoppskrift som passar formålet, så vil eg bli VELDIG takksam om de vil dele.

Ja, og så litt Song for Eirabu-omtale. Eg har prata med NTB, og dei pushar som kjent sakene sine til diverse aviser. Til dømes denne og denne. Og 34 andre aviser. Det var artikkelpusharen sin, det!

Advertisements