Eg har lenge lese Neil Gaiman sin blogg, fantastisk forfattar av fantastisk litteratur, og med den einaste krystallkula eg nokonsinne kjem til å nytte meg av.
Gaiman får ofte pes for å lenke til omtale og skrive om bøker og filmar han driv på med.
Og så svarar han at «eg skal nok skrive om biene mine igjen, men akkurat no er det dette eg driv med, og då er det dette eg skriv om».

Eg trente i går, for første gong på aldri så lenge. Eller, for første gong sidan jul, trur eg. Ikkje for hardt, ikkje for slapt, akkurat passe for ein førstegongstrening etter lang pause. Eg gjekk derifrå med lette magemuskelsmerter og ømme lår, og hadde ikkje bruk for å sove middag for første gong på lenge.

Eg begynner å vakne, lette på hovudet, sjå meg rundt. Det har vore nokre sjukt introverte år, dette, med så mykje indre verd at verda utanfor knapt interesserte meg i periodar. Det har smitta av på så mykje, til dømes har eg hatt lange og intense samtalar med så mange folk inne i hovudet mitt at det verkeleg undrar meg at dei det gjeld ikkje ser ut til å vere påverka av det i det heile. Når det skjer så mykje inne i eins eigen skalle er det også vanskeleg å sitje tanketom og la omverda få ta plass i sansene.
Eg kan sakne det i små glimt.
Sitje på trappa bak huset og sjå biene sveve på magisk vis frå blome til blome, og la sola varme, la luktene frå furutre, nyklypt gras, roser og lavendel få merksemd.

Eg hadde tenkt eg skulle skrive denne sommaren. Lukke verda og biene og folka ute, og berre skrive.
– Kan hende det ikkje er rett, sa ektefellen til meg i går.
– Kan hende du treng å fins i verda litt. Kan hende du treng å lese.

Så det kan vere eg skal.

Og så kjem eg ikkje til å legge lenker til omtalene i avisene, fordi det burde vore *** SPOILER ALERT *** stempla med raudt over heile kritikkane. Eg skriv fordi eg gjerne vil at nokon skal like å lese. Sjølv liker eg ikkje å lese bøker der avslutninga allereie er røpa i avisene.

Men her er eit intervju eg vil lenke til, fordi det står saman med så mange andre fine intervju og artiklar, og fordi eg sjølv har skrive svara mine. Epostintervju er det aller beste. Helsing Tante Kontroll.

Advertisements