Vetle Lid Larssen har skrive eit utmerka debattinnlegg om feige forfattarar, der han tør vere provoserande og spissa og unyansert nok til at det er mogleg å debattere emnet.
Han etterlyser åndsmennesket, som han skildrer slik:
Et åndsmenneske var en mann eller kvinne som gjennom bred lesning og vid orientering gjennomlevde det borgerlige dannelsesprosjektet; en stadig utvidelse av erkjennelse, en sterk historisk bevissthet, og en betydelig følsomhet for skiftninger i tiden – uten å legge seg flat for trendene. Et åndsmenneske var sjelden spesialist, alltid eklektiker, en person som evnet å omsette sine kunnskaper og erfaring til et menneskesyn. Han så helhet der andre så fragmenter. Og så han feil var det en verdi i seg selv. Han representerte uansett en livsviktig korreksjon til konsensus; til det politiske maktspråk, til småborgerskapets mange løgner.
Det eg les er ei etterlysing av røyster frå folk som har tid, kunnskap og mot til å vere reflekterte. Dette er ei etterlysing etter røyster eg kan vere samd i at me er i ferd med å miste. Me har framleis Heger og Solstad, som med sjølvtillit frå hhv stor hage og stort heimebibliotek uttaler seg storslage og provoserande om ytringsfridom, samfunn og menneske, me har framleis ein og annan svært opplesen forfattar som samstundes verken ser seg økonomisk avhengig av at laussalsavisene eller Norsk Forfattersentrum skal sjå med velvilje på måten dei oppfører seg på. Men det tynnast i rekkene, og det er noko stussleg flinkt over ungdommen. Kva har skjedd?
Folk i dag er ikkje dummare enn før. Ikkje har dei kortare utdanning eller har reist mindre heller. Så kva gjekk galt?
Her køyrer Vetle Lid Larssen seg ut på eit sidespor med påstandar om femininisering av samfunnet, og sidespor bør ein pent passere om debatten fortsatt skal vere interessant. La oss heller halde fast i etterlysinga hans av det danna mennesket si kunnskapsrike, skarpe og modige røyst.
Dersom me vil ha åndsmenneskets røyst, må me tåle at det fins folk som lever åndsmenneskets liv.
Arbeiderpartiet rådde i etterkrigstida, då Noreg med sin svake eigentradisjon innan akademia bygde ut universiteta. Arbeiderklassen sine born skulle få studielån, utdanning, husbanklån og kontorarbeid. Universiteta este ut, og det har dei fortsatt med å gjere med same politiske intensjon: Universiteta skal gjere det norske folket til nyttige akademikarar. Forskning skal knyttast opp til nytterverdi og næringsliv, helse og økonomisk vekst. Arbeidarklassens born er blitt middelklasseakademikarar. Barnehagetantene er blitt universitetsutdanna pedagogar. Nyttige, utdanna borgarar i eit Noreg med velstand for alle.
Eg begynte min akademiske utdanning ved universitetet i Bergen. Humaniora, ex.phil, psykologi grunnfag og religionsvitenskap grunnfag.
«Psykologisk fakultet i Bergen er Europas beste utdanningsinstitusjon for psykologar,» blei det fastslått frå førelesarhald. Det var ressursar, det var laboratorieforsøk, det var undervisning i små grupper, det var fokus på testing, utreiing, forskning. Det medisinske embedsstudiet sto som lysande modell: Her skulle studentane bli så rasande dyktige at ingen skulle vere i tvil. Universiteta i Noreg var steikande gode. Nyttige. Strålande.
Så kom eg inn på det psykologisk institutt i Århus, Danmark. Eg måtte fylle ut ein særskild søknad på noko dei kalla «kvote to». Lista der var lang over poenggivande aktivitetar, ikkje alt virka like meiningsfylt i høve psykologistudiet.
Eg måtte ha vore utanlands i over seks månader. Noreg telte ikkje, heldigvis hadde eg vore i Israel i åtte månader. Kva eg hadde gjort der var heilt underordna.
– Ein framand kultur der du har vore lenge nok til at noko endra seg i deg, sa studierettleiaren. – Du veit, la han til, – ei danningsreise.
Eg måtte ha gått på folkehøgskule.
– Høh, innvendte eg, – der var det ikkje eksamen i noko!
– Åh, sa studierettleiaren overbærande, – det er grunnleggande danning i Grundtvigs ånd.
Så kom eg på sjølve studiet. litt oppesen, sjølvsagt, eg hadde trass alt grunnfag frå Europas leiande fakultet. Det var eit akademisk kultursjokk det tok fleire år å akseptere rekkevidda av.
Peter Høeghs De måske egnede var på pensum i pedagogikk. Paul Ricour, Jürgen Habermas og Niklas Luhmann skulle lesast og drøftast i sosialpsykologi.
Kvar var dei store, amerikanske lærebøkene med oversikteleg teori og forskning? Dei var på pensum, men blei ikkje drøfta. Førelesarane våre ville at me skulle forstå at psykologi sto i tradisjon til filosofi, lingvistikk og sosiologi, at me måtte våge å vite, for deretter å ikkje vite. At me måtte avvise eit kvart faktum og omfamne einkvar tvil.
Dei danske universiteta er også i endring, men gamle tradisjonar endrar seg langsamt, mens utbygging og utbreiing gir rom for nytenking.
Den norske utbygginga av den akademiske middelklassen har ikkje rom for åndsmennesket.
Det norske samfunnet ønsker ikkje at nokon skal leve slik: Trygt, stille, med arva pengar og stort heimebibliotek.
Me ønsker eit nyttig akademia. Det kostar.
Dersom våre største tenkarar skal vere flinke og pliktoppfyllande borgarar, blir det ikkje mange nok store tenkarar igjen til å vere refleksive, modige autonome.
Prisen me betaler kan formulerast ved ein av mine førelesarar, som trudde seg til meg i fredagsbaren på instituttet:
– Eg var i Bergen og foreleste for to år sida, sa han lågt. – Fantastiske tilhøve. Veit du, kvar einaste student der oppe kostar like mykje som ti av våre. Dei sit med pc-ar og rettleiing og individuell oppfølging, kvar og ein. Men veit du, dei er frykteleg keisame. Det er som dei manglar det refleksive rom. Eg hadde knapt ein einaste utfordrande samtale om mennesket det året.
No skal det seiast at mine norskutdanna kollegaer og akademikervener ofte er både kloke og ettertenksomme, og mange av dei har eit skarpt blikk.
Dei er svært ofte nyttige. Og flinke. Sjeldan provoserande uartige. Sjeldnare synlege i offentleg debatt med overraskande spissformuleringar.
Slik skal det også vere. Dei har ein jobb å gjere.
Men med alt dette unyttige overklassebadevannet som blei skylt ut desse siste tretti åra, kom me nok i skade for å skylle ut åndsmennesket også. Åndsmenneskets røyst har forlatt det norske samfunn fordi me ikkje ønsker at nokon skal leve som åndsmennesker.
«Så kva gjekk galt?»
Ingenting. Dette er blitt sagt om den oppvoksende generasjonen siden Platon klaget over ungdommen da til dags.
«Den norske utbygginga av den akademiske middelklassen har ikkje rom for åndsmennesket.»
Jeg er uenig. Friheten i dagens samfunn gjør det lettere å være et åndsmenneske om viljen er til stede – og hvis ikke viljen er der er det verken ønskelig eller mulig å være et åndsmenneske. Nylig avdøde Tristan Vindtorn er jo et kroneksempel på at det er mulig å leve av bøker, luft og kjærlighet – ihvertfall en stund (han ble ikke så veldig gammel).
8 års studiestøtte betyr jo også 8 år med rent åndsliv for de som ønsker det. Jeg er aldeles enig i at flertallet av studenter er kjedelige og intetsigende, men med flere studenter på universitetene øker også antallet studenter som har noe å melde.
Kanskje jeg har et skjevt blikk på det hele siden jeg studerer et dannelsesfag hvor det nettopp er et poeng å reflektere, å være kreativ og å lese mye. Eller kanskje jeg vil endre syn når jeg etter mastergraden skal presses ut i en jobb som folkehøyskolelærer eller lignende. Det er forøvrig ikke staten sin skyld at mamma & pappa ikke er rike nok til at jeg kan leve slaraffenlivet. Jeg er glad for at rike foreldre og overklassebakgrunn ikke er påkrevd for å kunne være intellektuell. Mange av de flinkeste akademikerne jeg kjenner kommer fra umøblerte hjem.
Ignorer posten hvis den er tøvete, jeg har jobbet siden klokken ti i dag morges. Med åndsarbeid og personlig utvikling!
I definisjonen du gjengir av åndsmennesket,
sitat:
«gjennom bred lesning og vid orientering gjennomlevde det borgerlige dannelsesprosjektet»
ligger noe av nøkkelen til å finne og å forstå åndsmennesket i : nettopp dette «å gjennomleve» det borgerlige dannelsesprosjektet.
Det er så avgjort i Grundvigs ånd.
Jeg er ikke trygg på at alle mener det samme med ånd. Moderne psykologi, materialisme og avkristning har gjort flere begreper ubrukelige, eller overlatt dem til tåkete forestillinger.
Her skulle jeg gjerne ha noen oppklarende samtaler i det offentlige rom, for hva er menneskesynet i f.eks. helsevesenet, eller skolen i våre dager?
Jeg har litt om det i min siste blogg, men mest som personlig refleksjon.
Eg har prøvd å følge litt med på danningsdebatten i Aftenposten (nedst i denne lenka).
Allmenndanning i grundtvigsk ånd for psykologar er knapt det dummaste eg har hørt om. Eg hadde mitt første møte med psykologi (valfag) på folkehøgskule sjøl.
(Fekk du forresten med deg denne lenka som HHS tvitra i samband med at @ingeborgv hadde vorte invitert til danningspanel?
http://antropologi.info/nyheter/kopi/Digital_dannelse.html
(frå Morgenbladet 2004)
)
Det er også slik at samfunnsnytta – avkastninga av investert utdanning – ikkje treng settast opp mot uavhengig, frimodig tenkning. Det vil ofte bli slik i praksis lell, fordi dei ferdigutdanna enkeltindivida arbeider i miljø der det søkast konsensus og meiningslikevekt. Gjerne i tråd med dei tankeretningane dei har lært under utdanninga.
Elles er eg ikkje ueinig i kunstnar-etterlysinga hans Larssen, men fryktar ikkje ekspertveldet av den grunn. (Eg er langt meir uroleg for det Kristin Clemet skreiv i Aftenposten i dag om at forskarane må overstyrast politisk fordi forskinga er for dårleg. @roffe har kommentert her.)
Men er det no slik at det gammeldagse åndsmennesket er spylt heilt bort, da? Eg tykkjer eg ser dei finst rundt ikring, men dei er ikkje nødvendigvis kunstnarar lenger. Kanskje ein hadde fått fleire av dei med borgarløn, slik enkelte fryktar dagpengane frå NAV er i ferd med å bli.
Oi, dette vart langt. Eg skulle eigentleg berre spørre om forskjellane mellom dansk og norsk psykologisk fagmiljø på det praktiske planet – kven har det beste mentalhelsevernet (og korleis skal no det målast)?
Dei norske psykologane er nok betre på kartlegging og utreiing, og dei er nok ein god del kvassare på forskning – som også i ein del tilfelle er indirekte helsearbeid.
I Danmark er det utdanna fleire psykologar, og dei er dermed meir tilgjengelege for folk flest. Danske psykologar tjener også jækla dårleg, og er dermed ikkje så dyre å ansette.
Men dette med å ha fokus på psykologane blir eit grep eg må gjere her fordi det er einaste utdanninga der eg har førstehandskejnnskap til forskjellane mellom det norske nytteprosjektet og det danske danningsprosjektet.
Elles. Takk for fyldeg og godt innspel og debattreferat, Holten!
Predikeren: Når du skriv at «Moderne psykologi, materialisme og avkristning har gjort flere begreper ubrukelige, eller overlatt dem til tåkete forestillinger.» – så blir eg usikker på om du meiner det har vore eit onde for danningsprosjektet med moderne psykologi og avkristning. Om så er, er eg djupt og lidenskapleg usamd.
Gjennoppliving av borgeren altså. Ja, ja, fyren kan ha et poeng…
Og jeg kan jo legge til at åndsmennesket som Lid Larssen etterlyser, blir mer og mer av en utopi, ettersom sterk høyrevind blåser over Europa og her i vårt lille land. Om Frp hadde kommet til makten – legg merke til at jeg sier hadde – ville åndslivet- og idealet blitt enda mer desimert.
Jeg veksler mellom dystopi og utopi; men lander som regel midt i mellom. Det finnes fortsatt mange entusiastiske, subjektive og lidenskapelig kunstnere i dette landet, og når noe kommer til en ende, starter noe nytt.
Lid Larssen skyter blink på flere punkter. Da jeg en gang i tiden kritiserte Norsk Forfattersentrum i et blogginnlegg, fikk jeg svar på tiltale. Jeg «kjempet mot vindmøller» og «sagde av greinen jeg satt på». Nå var denne greinen temmelig morken fra før, men det er ikke rart at man tenker seg om før man uttaler seg offentlig. Synd og sant. Men jeg får takke Lid Larssen for å ha lokket meg frem fra hullet. Det kommer snart noe på min egen blogg.
Som vanlig, gode refleksjoner, Avil.
Og der var du ute av holet, både her og på eigen blogg. Ikkje verst.
Det lover ikke godt for gjennomgang av skriveprosjekt … På den annen side vil jeg ikke inn i hullet igjen.
Å.
Ut og få litt frisk luft, du, før du kryp inn igjen.
Nei, jeg setter pris på alt som bedrer menneskenes muligheter! Men jeg har en «gammel» forståelse av hva et menneske er, og jeg klarer ikke å gripe hva helsevesenet mener. Jeg arbeider i skolen, og jeg har fulgt med i ganske mange reformer! De har endret synet på hva barnet er, og hva målet for undervisningen er, mange ganger. Jeg har ikke hatt problemer med dette, det har bare vært interessant å være med på! men, den siste reformen i kunnskapsløftet definerer eleven som WTO definerer en vare, og underlegger utdanningen å prosessuere deretter. Varen skal komme ut av utdanningen som en konkurransedyktig arbeider med evne til livslang frivillig omskolering for på beste måte, til enhver tid, å kunne være adekvat arbeidskraft!
Når helsevesenet i tillegg snakker «tåkete» om hva som er fysisk og psykisk, ønsker jeg å spørre: Hva mener man i våre dager? Hva er dagens «offisielle» menneskesyn?
Eg er autorisert helsepersonell, men er i alle fall ingen marionett ellere repesentant for Pølse-Hanssen og Brustad sine menneskesyn.
Siste reformeringa i helsevesenet (Brustad) freista omdefinere den som trong hjelp frå pasient til medbestemmande brukar, og til ein brukar med juridiske rettar. Sikkert fine greier, det, reint menneskesynmessig.
Men «helsevesenet» består av meir og anna enn politiske reformer.
Ja, men i reformene «setter de» det rådende menneskesynert, ekspilsitt eller implisitt. Som dette at eleven nå er en vare som skal prosessueres, utdannes, til arbeidskraft.
Det du henviser til i helsereformen:»frå pasient til medbestemmande brukar, og til ein brukar med juridiske rettar». Har sin årsak i at pasienten skal kunne velge blant alle helsetilbudene, også de alternative, og referer til juridiske bruksområder og ikke til menneskesyn.
Hva har du lært at et menneske er, i din autoriserte utdannelse innen psykologi?
Jeg er lektor, og kjenner norsk skole fra innsiden. Dannelsesprosjektet har stått sterkt i norsk skole helt fra starten, men tør jeg påstå, er likevel på returJeg ser det hver dag i skolen. Jeg så det klart da jeg studerte både nordisk og historie ved UIB. Dette var før realityshowene inntok tv-skjermene og internett snøret seg sammen rundt oss.
Jeg mener at det at nær sagt alle tar videregående utdanning, og at store deler av befolkningen tar høyere utdanning, fører til forringing av dannelsesprosjektet og også kvaliteten på utdanningen.
På hvilken måte?
Jo slik jeg opplevde det på universitetene og høyskolen jeg gikk på brukte forelserer verdifull tid på å gjennomgå, repetere og endog lese(!) deler av pensum.
I stedet for å gå ut ifra at studentene møtte forberedt til forelseing, gikk de ut i fra det motsatte. Slik ble ikke forelesingene interessante arenaer for videre refleksjon. Det ble i bestefall et utvida klasserom a la modellen fra videregående. Dette synes jeg var og er veldig trist.
Flere ganger forlot jeg forelseingen fordi forelserene serverte selvfølgeligheter eller oppsummering av det jeg allerede hadde lest.
I videregående skole i dag sliter vi med å tilpasse til alle, og ender ofte opp med å legge undervisningen på et middels nivå. De som virkelig kunne blitt vår åndselite får lite å snuse på. De må valfarte bibliotekene, galleriene og museene selv.
Både L97, R94 og K06(læreplanene) har nedfestet en generell del om danningen av det hele mennesket. Det er synd at det blir litt lang vei mellom teori og praksis.
Hm.
1. Mitt menneskesyn. Tar for lang plass, trur eg. Skal tenke på eigen bloggpost.
2. Utdanningssystemet. Eg gjekk sjølv på eit veldig lite ambisiøst gymnas, og hadde ikkje åndseliteforeldre og har aldri aspirert til å tilhøyre nokon åndselite. Universitetet ga skikkeleg utfordring. Men om universiteta i dag blir tilpassa dei som aldri skulle begynt der, har dei større problem enn eg trudde.
Til Rachel.
Norsk stolthet og fortvilelse er jo enhetsskolen. Før sto «danningen av gagns mennesker» som overordnet mål. Med kristen formålsparagraf, som etterhvert ble tolket i grundtviks ånd.
Opplysningstidens idealer sto høyt og ble etterhvert overordnet.
Men så blir plutselig elevene materiell! Elevmateriell! Og nå er de betraktet som en vare under produksjon til å bli en ettertraktet og salgbar arbeider.
Her er de «åndelige»dimensjonene borte, og kunnskapsgleden er ikke av verdi i seg selv, bare dets nytteverdi for å nå frem til ferdig «produkt».
Jeg tror det foregår noe tilsvarende i helsereformene!
Ånden, og eller sjelen, vet man ikke hva er, om den finnes, hvordan den dannes og hva man skal med den.
Er det bare noen som er åndsmennesker?
Har ikke alle ånd?
Er åndsmenneske noe man blir?
Til predikeren.
Sånn går det når både elever og pasienter blir redusert til produkter. Begredelig.(jfr. pengene følger eleven/pasienten).
Når det gjelder dine betraktninger om ånden, så kan man jo trekke inn tidsånden, den kulturelle ånden, åndseliten osv…det gjør det ikke lettere å finne ut av hva ånden egentlig er?
Nettopp.
Kanskje er vi inne i så store åndsendringer at begrepene en periode nå virker meningsløse, eller innholdsløse. At vi faktisk må gjennom en slags «kaos» for så å komme med nye definisjoner?
Det er bare så merkelig at det er fraværende i våre offentlige institusjoner. At begrepene ligger brakk.
For vi tenker hver for oss, ut fra oss selv, det vi selv mener er riktig, og det holder vi stort sett for oss selv!
Men du snakkar jo som om politikarane med sine reformar i helse og skule reint faktisk former menneskesynet til dei som arbeider der. Det er temmeleg drøyt.
Nei, men de avspeiler det «offisielle» menneskesynet.
Og det interesserer meg. Både i yrkesutøvingen og privat.
Det er interessant, sjølvsagt. Men ein må ikkje la seg forlede til å tru at einkvar reform umiddelbart blir integrert i menneskesynet til alle dei enkeltindivida som reformen påverkar yrkeslivet til.
Nei,selvsagt!
Men når vi utarbeider faglige og metodiske mål i jobben vår, er vi forpliktet på reformen som en forskrift (i skolen ihvertfall).
Jeg opplevde, ved innføringen av kunnskapsløftet, at ingen på vår skole ville ta disse formuleringene om å utdanne arbeidskraft seriøst.
Det er første gang jeg har opplevet at de overordnede verdiformuleringene ble totalt neglisjert.
Det sier noe om at det offisielle «synet» var i utakt med tankene på vårt arbeidssted.
Dette «menneskesynet» var utarbeidet av WTO, men våre politikere godtok det bare, som om det ikke betød noe. Akkurat som vi ved skolen ikke tok det alvorlig.
Jeg tror ikke våre politikere har dette menneskesynet, men det slo meg at vi kanskje ikke lenger har noe felles menneskesyn. Og at vi kanskje ikke bryr oss noe særlig om det heller.
Derfor lurte jeg på hvordan dette kom til uttrykk i helsevesenet og kanskje særlig i psykiatrien.
Som sagt: Noko eg må tenke grundig gjenom før eg eventuelt lagar eigen post om det. Eg har mitt eige menneskesyn, og eg har ein formeining om kollegaene sitt. Men eg syns det blir galt å trekke generelle slutningar til heile Noregs psykiske helsevern utfrå det.
Høres bra ut!
Dette er eit sidespor, men som nestleiar i Forfattersentrum vil eg berre nytte høvet til å seie at ingen åndsmenneske treng å frykte at vi skal sjå med ublide auge på korleis dei oppfører seg! Vi er ein medlemsorganisasjon som driv med formidling av skjønnlitterære forfattarar, både til litteraturarrangement og skulebesøk.
For dei forfattarane som trass i denne forsikringa LIKEVEL fryktar at forfattersentrum skal sjå med ublide auge på korleis dei oppfører seg, så kan vi hjelpe til mot denne frykta også: vi arrangerer kurs i opplesingsteknikk og tilbyr ferske forfattarar å få vere med erfarne forfattarar på skuleturné.
Aldri høyrt om forfattersentrum før, seier du? Les meir her: http://www.forfattersentrum.no/info.html
Til Caterina – eg svarer deg i din eigen blogg.
Takk for den, Olaug! Eg kan tilføye at eg allereie har hatt glede av forfattersentrum, trass i at eg jamnt over oppfører meg svært dårleg.