Eg vurderer å bli handy. Kunne vore litt meir balansert heime då. Før kunne eg kokettere med at eg levde i eit femtitalsekteskap, der eg bakte og vaska, medan manden skifta hjul og snikra. Siste året har han overtatt eine skansen etter den andre. han bakar alt brødet me et. Han sydde frå før, men no tek han liksom tak i allslag, frå lause knappar til skjørt som er blitt for vide til meg. Han vaskar og rydder og les lekser med ungane og viser seg frå omlag alle moglege gode sider i løpet av ein vanleg ettermiddag.

 

Eg vurderer altså å bli handy. Eg har lenge tenkt å skru opp eit eller anna. tette noko. Det ville imponere, i alle fall meg.

Eg har lese meg opp på nett, og komme fram til at eg må skaffe meir gaffa. Det fikser alt. Alle slag røyrleggarvanskar, til dømes sprekk. Har ein ikkje fått orden på det, har ein ikkje brukt nok gaffa.

Advertisements