Eg snik meg innom ein snartur, under påskot av å skulle lese epost. Eg har nemleg skrive- og nettforbod no, og det er ei tålmodsprøve eg sikkert har godt av.

Istaden for å skrive på andreboka, har eg sett to måkar freiste å jage eit ørnepar, ete tiarma blekksprut (fiska med pilk utanfor Skånevik), sett hoggorm, drepe eit utal klegg, drukke frykteleg mykje kvitvin og lært å spele poker.

Og så les eg ei Dark Fantasy-bok som eg ikkje trur eg har godt av, for draumane mine blir så makabre.

Eit duggvått, roseraudt sommarkyss til deg der ute, med von om at du har det like fint som eg.

Advertisements