Jah, eg les altså Best served cold av Joe Abercrombie no. Manden meinte at det kunne vere festleg om eg skreiv ei dark fantasy-bok når eg blei ferdig med Eirabu, så eg måtte jo introduserast for sjangeren.
Vel. Det blir ikkje spart på action og vald, i alle fall.
For å seie det litt metaforisk: Her startar me ut med ein flammekastar og så skrur me opp for blusset, eg er midtvegs i boka og det er snart fucked up beyond recognition. Men veldig underhaldande.

Eg har jo sett ein god del temmeleg valdelege film, nokre av favorittfilmane mine er ganske grove, til dømes Kill Bill-filmane. Eg har også lese og likt teikneserier, til dømes Frank Miller sine, som har vore utprega valdsestetiske. Men eg har aldri lese bøker som er slik.
Det einaste må vere American Psycho, men den var til gjengjeld berre frykteleg ekkel.

Andre som har lese bøker med mykje vald og action (og då meiner eg ikkje Unni Lindell)?
Vad tycks?

Advertisements