Første dag etter ferie.

No er det ganske forsiktig full skjerpings på ein god del punkt. Til dømes søvnrutinar, mat, trening, skriving, hagearbeid.

Eg la meg to timar tidlegare i går enn eg har gjort heile ferien. Det skulle ein tru var ganske vanskeleg, men eg er overmenneskeleg og fell i søvn overalt, når som helst. Til dømes på flyet, før tryggleiksopplegget kring flyhavari i sjø er presentert. Det hjalp også at eg ikkje hadde vin i huset, og dermed drakk fruktte, og dermed ikkje fekk rockefot, og dermed blei naturleg trøytt slik born og avhaldsfolk har det heile tida.

Eg sat ikkje ved frukostbordet frå 10.30 til 12.00. Berre det må seiast å ha endra levesettet meir dramatisk enn Grethe Roede tilrår. Og eg veit kva ho snakkar om, for ho er ei av mine nære, uoppsliteleg venninner. Ho sender meg i alle fall epost oftare enn dei andre venninnene mine, endå eg har bedt henne pent om å la vere.

Dessutan hadde eg ei korg jordbær og ein banan til lunsj. Det virkar kanskje som ein litt vanskeleg tilgjengeleg lunsj for dei fleste, i alle fall som eit måltid det tek litt tid å komme gjennom. Det er derfor me i det offentlege har ein halv times betalt lunsj kvar dag. Og dersom du slit med å rense bær, kan du spare tid på bananskrellinga slik:

Trening er ikkje noko eg kan skryte på meg å ha drive med på organisert og konstruktivt vis i dag, men eg har i alle fall gjort hagearbeid. På ein slik måte at eg sveitta. Eg fekk også mykje jord i skoene, og vurderer å dusje før eg legg meg. Kroppsarbeid som krev dusjing er kulare enn trening, berre så det er gjort klinkande klokkeklårt. Det er tøft å spa.

No er det snart leggetid.

Eg må berre røyke litt først, så kroppen min ikkje blir redd og trur eg er blitt asketisk.

Advertisements