metallc oliven2Takka vere ei god venninne sin smittande lidenskap har eg altså utvida neglelakksamlinga mi. Før var knallraud til fest og mørkebrun til kvardags omlag det eg kunne fatte at eg hadde bruk for. Så lite eg visste, så innskrenka eg var, så stort eit mørke eg levde i.metallc oliven3

Omkostningsfritt er det ikkje, dette med å nå høgare nivå av kvinneleg pyntesjuke.
I dag har eg stått foran tøyskapet og tenkt at eg har ikkje noko å ha på meg. Eg, som har ein heil bunke svarte gensrar, og opptil fleire svarte skjørt. Eg har sjølvsagt noko å ha på meg. Men pyntesjuka breier seg altså, frå neglene og utover, og har no fått meg til å kle meg som einslags north mongolian harem primitivo, berre fordi det var einaste eg fann som kunne matche OPI At Your Quebec & Call .

Det neste er vel laushår. Eventuelt tatovering.

Advertisements