«Venstre-veljarar får meir Venstre-politikk. Rart kor vanskeleg enkelte er oppsett på å gjera det,» skriv ein av dei unge, lovande Unge Venstre-gutta eg følger på Twitter. Eg freister å la meg rive med av dei nye politikarane, desse som driv valkamp og trur på det dei driv med. Det er noko sitrande og magisk ved politikk, særleg valkamp: Trua på at det kan bli betre, finare, snillare, meir rettvist. Samstundes er det mykje som er jævleg irriterande.

Det er utruleg irriterande at dei som verken virkar interessert i betre verd, gøyare verd, snillare eller meir rettvis verd skal stikke av med medietid og stemmer i det heile tatt. Og etter valet, det vil seie valnatta og morgonen etter, så er det grining. Mindre med åra, for no stålset eg meg og har samanbitte kjevar og bistert blikk lenge før vallokala lukkar.

Kva er greia? Joh, at nokre parti og nokre politikarar er flinke til å seie slikt som mange vil høyre. Det hjelper ikkje at dei ikkje meiner det, eller ikkje har noko bra politikk for å gjere noko med det, eller at dei inne i seg er onde og dumme. Dei blir likevel oppfatta som det beste alternativet.
Kven er flinkast? Dei som har fingeren på poppispulsen. Populistane.
Dei kjem ikkje drassande med miljøpolitikk (så jævla 1989, liksom) eller klimapolitikk (temmeleg 2004, faktisk), rettvise og trygge forhold for arbeidstakarar (direkte etterkrigs), solidaritet og velferd (gjesp) eller forutsigbare og levelege økonomiske tilhøve for industri/næringsliv (merkeleg nok eit interesseområde for homofile politikarar).

Dei kjem med noko catchy, noko ein kan snakke om, noko ein kan meine noko om sjølv om ein verken er biolog eller økonom.
Dei gamle råtnar og lider!
Lærarane er for dårlege!
Det er faen meg for dyrt å gå til tannlegen!
Eg er dritlei av bompengar!

Det er interessant at eldrepolitikk skal vere årets kjempegreie. Det betyr sikkert at folk flest likar å høyre på det. Eller at spindoktorane trur dei gjer.

Eg har aldri hatt fingeren på populismen, eg hadde vore verdas dårlegaste politikar. Eg stemte for EU, stemte på Venstre heile tida mens dei var ute av Stortinget, gjekk over til Ap då Venstre gjekk i regjering, eg har vore for og mot dei upoppe tinga ved kvart einaste valg. Skremande, sjølvsagt. Sidan eg til ei kvar tid meiner at eg er klok og har greie på kva som er viktig, og folk flest ser ut til å vere usamde med meg. Kvar gong.
Og dei få gongane dei eg har stemt på har fått meir makt, så har dei inngått hestehandlar og solgt sjela si og så fekk eg ikkje det eg stemte på likevel.

Etterkvart er eg blitt så gammal at eg ikkje er overbevist om at det å stemme på Venstre fører til meir venstrepolitikk.
Det einaste eg kan håpe på er at det å stemme på FrP heller ikkje fører til meir FrP-politkk, sidan det tydelegvis er det partiet ein stor del av folket har tenkt seg å stemme på.

Det er lov å håpe. Men det hadde vore betre om folk tenkte litt meir over kva dei gjorde først. Veljarane, altså. Dei andre enn meg, sjølvsagt, sidan eg allereie har tenkt.

Advertisements