Ingen dagar er særleg like, og aller første skuledag er mindre lik enn andre. Derfor passa den trivielle tittelen «kvardag» (eller «kvardag igjen», eller «endeleg kvardag» eller «akk, så var det kvardag») så uendeleg dårleg. I dag har ein gut med armane inne i genseren av pur lukke og manglande tålmod hoppa opp på scenen for å handhelse på rektor, noko som sjølvsagt ikkje lot seg gjere med armane inne i genseren, men det lot han seg knapt merke med, og var ukritisk lukkeleg og smilte slik forvirra og samla på ein gong som ein gjer når ein skal gjere noko heilt nytt ein har gleda seg så mykje til at ein slett ikkje fekk sova før ein brått nærast svima av kvelden i forvegen.

Eg har no allereie arbeidd nokre veker, men grunna intens forfattarfyll i nett avslutta oval helg føler eg meg også kasta tilbake i noko eg var freista å kalle kvardag. Vere her. Eg bur her. Eg har nokre ungar og ein mann som er far til ungane, og me har nokre greier me driv med her i liva våre som me kallar kvardag.
Som om desse dagane likna kvarandre («korleis er ein elefant og eit tyttebær like» spør ungane (ja dei spør i kor, slik fortel dei vitsar, eg anar ikkje korleis dei klarar å vere så samkøyrde, elles snakkar dei konsekvent i munnen på kvarandre om svært ulike tema) og så venter dei akkurat lenge nok til at eg har avslørt at eg ikkje veit, før dei forklarar at «begge er like, unntatt tyttebæret»), og dagane liknar sjølvsagt kvarandre på ein prikk akkurat slik tyttebær og elefantar liknar kvarandre. Helg og kvardag. To slags dag.
Som om.

Eg skal i alle fall inn i einslags rytme, har eg tenkt. Eg tenker ofte det, at ein rytme vil vere bra for meg. At eg ikkje skal oppføre meg som om kvar dag er ny og uventa og krev ein heilt unik handlingsplan, men at det fins ein slags foruteseieleg dynamikk frå veke til veke som frigjer meg, ein fiks ferdig plan som set meg med forsiktige hender på taket og let meg tenke kreative, nye tankar fordi eg slepp å lure på dagsplanen.

Me får sjå. Dagens plan er i alle fall at dette er den første dagen i min heilt blodferske kvardag som ikkjerøykar, som torsdag- og fredagsskribent, og som regelbunden styrketrenar og turgåar.

Det aller, aller finaste med blogg er at ein slepp å høyre folk sukke når dei les.
Det, eller at ein kan legge ut bilete av katten sin med leppestift på, men eg har ikkje katt.

Advertisements