Det er slik: Valgkamp er ei intensivering av ubehag.
Det er ikkje slik: Alle har ikkje rett. Doble negasjonar hjelper ikkje på forståinga. Ein kan logisk slutte seg til kva eit parti vil meine i enkeltsaker utfrå ideologisk grunnlag. Dialog skapar forståing.
Eg forstår ikkje kva andre vil, kva dei seier, kvifor dei seier det, anna enn at eg forstår dei vil eg skal stemme på dei, men ver no for faen ærlege då, så eg veit kva eg stemmer på, og dette er like meiningslaust som kyrkejvalet der ingen vil seie kva dei står for, dei gidd ikkje lyge eingong, dei berre held kjeft.

Det er ikkje slik at samvitet er nok.
Eller empatien.
Eller politiet eller rettsvesen.

Born er overlatt til foreldre, me er overlatt til oss sjølve, til skjebnen, til eigne elendige og andre valg, me et kake og får vondt i magen, me joggar og får hjertestans, me elskar og sårar, me arbeider og føder og snublar og betaler skatt og legg på nytt sengetøy og sjekker mobilen og fell i koma, og så døyr me, og så døyr me, og framleis går valgsendingane på tv2 og nrk og dei snakkar og snakkar som om ingen skulle døy, som om dei som fell i koma får det annleis om det er eine eller andre maksprisen på sfo, og eg orkar ikkje, orkar ikkje alt dette ubehaget, alle orda, all denne viljen til makt, viljen til å styre over meg, brennande viljen til å få meg til å ville at andre skal styre over meg, eg kjenner berre kvalme.

Advertisements