Mette Karlsvik skriv om forfattarfylla i nestsiste Morgenbladet. Det går visst betre, skal me tru forfattar Geir Gulliksen og forleggar John Erik Riley. I alle fall dersom «betre» betyr meir fokus på trening, kosthald og edruskap i arbeidstida. Og det er etterkvart felles folkemeining, og sidan kultureliten ikkje fins på ordentleg, og forfattarar er folk som lever i same samfunn som alle dei andre folka, slik lærarar, politikarar, lagerarbeidarar og juristar også gjer, så drikk nok altså forfattarar mindre på jobb no enn før.

Men eg slumpa altså til å kritisere artikkelforfattaren for å plukke ut forfattarane som ei litt pussig fokusgruppe, då det i mine auge er noko med heile akademia som er endra, for ikkje å seie heile folket, då akademikarane ikkje lenger er nokon økonomisk eller kulturell elite, men arbeiderklassens eigne born.

Mitt inntrykk var at lunsjpils og vin flaut litt friare blant dei ansatte på universiteta før, og at me studentane var betydeleg meir alkoholmarinerte på nittitalet enn dagens ungdom.
Samstundes drikk me visst alle saman litt meir enn før i snitt, etter ein litt meir edru periode tidleg på nittitalet. Noko som er i strid med inntrykket desse litterært erfarne folka har, og i strid med mitt eige inntrykk.
Det ser også ut til at det er høgt utdanna folk som har høgast «jamnleg forbruk» av alkohol. Så eg tar i alle fall feil av dei høgt utdanna, men om forfattarane er særleg høgt utdanna eller ikkje har eg ingen tal på, sjølv om eg ikkje har inntrykk av at forfattarane har lågare akademisk utdanning enn snittet av folket. Tar me alle saman feil, då? Drikk forfattarar og akademikarar verkeleg meir enn før?

Heldigvis for oss frittsynsande folk er det noko som tyder på at det er dei høgt utdanna gamlingane som trekk opp snittet, og då kan det jo vere dei unge forfattarane og doktorandane er så streite og edru som det blir sagt.

utdanning alkohol

Men tilbake til mitt inntrykk. Subjektiv er gud. Karlsvik stiller følgande spørsmål på twitter:

@mettekarlsvik: @Kristine_Tofte interessant om rødvinsmyte og akad.middelkl! Og hva med whisky? Hadde tunge alkoholproblemer kredd i kretsene du skriver om?

Kva inntrykk er det eigentleg eg har av akademia og fyll som blir formidla i mine 140 teikns flåsete tweets?
Det er vel min eigen vennekrins, mine eigne forelesarar, mine eigne rettleiarar eg snakkar om. Og ryktene, dei herlege ryktene som flyt i studentkrinsane, som ikkje berre handler om dei konkrete personane som blir snakka om, men som er subkulturell formidling. Historiar som blir formidla som sjokkerande, festlege, interessane, kva ler me av her? Kva er greit, kva er stileg, kva er imponerande, kvar er flaut, kva er innanfor og utanfor grensene? Rykter om at forelesaren i nevropsykologi var alkoholikar, at når han sto der og snakka om alfabølger og heile salen fall i søvn, så var han dritings. Rykter om at kjente akademikarar på tv også var fyllikar og gjekk med tøfler og skitne pyjamasbukser og berre blei filma frå livet og opp. Nei, tunge alkoholproblemer hadde neppe mykje kred. Men det var no litt festleg og.
Kveldsfyll, derimot, var heilt i orden. Me drakk med begge hender frå ettermiddag til Garage stengte, og dette var før røykelova, så dei som ikkje hadde dusja før dei gjekk på forelesning neste morgon burde ha vett til å sitje langt bak.
Me festa saman med enkelte forelesarar, og dei som eigde kamera sat på imponerande samlingar av kompromitterande bileter.
«Humaniora og øl høyrer uløyseleg saman,» husker eg ein forelesar på teatervitskap hadde det med å gjenta, slik folk gjerne gjentek seg sjølv når dei har drukke.

Kan hende var det berre oss. kan hende har det alltid vore slik, at det er nokre folk som festar hardare, soper med seg folk av same slags frå foran og bak kateter, kan hende er det same subkulturen som stadig lever i Bergen, Oslo, Århus, København. Dei forfylla folka finn kvarandre, møtes i tørste smil første semesterveke og heng saman. Kan hende var det ikkje vanleg å servere kvitvin ved rettleiingstimane på embedsstudiet. Kan hende var det slett ikkje vanleg å servere studentar absinth. Kan hende er det like vanleg og uvanleg no som før.

Kan hende er det først no, når eg er vaksen og ordentleg og mor og offentleg ansatt og eit skikkeleg menneske, at eg har oppdaga alle dei edru, joggande, røykfrie folka med same utdanningsnivå som eg sjølv har.

Så, Mette Karlsvik, eg skal freiste finne fram til ei oppsummerande avslutning:
SSB har statistikkane. Akademikarane har anekdotane. Forfattarane drikk meir og mindre. Puler meir og mindre. Det er for få heiltidsforfattarar til å lage skikkeleg statistikk. Så her får me lite på anekdotisk materiale, om ikkje anna så fordi det er festlegare.
Og dei beste røvarhistoriane eg har høyrt, heilt og aldeles subjektivt, er fortalt av tørste folk.

Advertisements