Hilde Sandvik skriv om avstanden mellom dei kristenkonservative og den noverande regjeringa.  Eigentleg peikar ho på spriket mellom den store hopen i midten som syns det er på tide at homofile blir behandla som andre folk, at abort er leit, men alternativet til fri abort er verre. Alle dei som breier seg på tvers av partia og utanfor partia som verken trur spesielt mykje på Gud eller at sex før ekteskapet er syndig eller at det er naudsynt at ungane våre går i kyrkja kvar søndag.
Ho peikar på at det nettopp var ein liknande avstand, og liknande reaksjonar på denne avstanden frå opinionsminoriteten, som i si tid skapte grobotn for FrP.
Det Sandvik snakkar om er heilt sentralt for å forstå dei kulturelle spenningane i samfunnet som trekk i dagens politikk.

Det er nemleg slik at fleirtalet av oss, og fleirtalet av politikarane, er ganske enige om mange ting. Me er blitt ein majoritet som trur klimaendringane er menneskeskapte, som trur at menneska har utvikla seg frå einslags menneskeaper, som trur at kvinner og menn er like mykje verdt, for ikkje å snakke om at homoar og innvandrarar og aleinemødre og rusmisbrukarar har same menneskeverd som urbane heteroar og krittkvite bønder og godt gifte fiskarar og avhaldsfolk.

Og så fins det altså framleis ein minoritet midt i blant oss, som ikkje er enige.

Dei syns likestillinga har gått for langt, muslimane skulle aldri ha komme hit, klimagreiene er berre noko tull og dessutan driv sånne kulturfolk berre med å plassere ein dass i ein park og får ein halv million i året som garantiløn resten av livet.

Kva gjer me med denne minoriteten?

Korleis kan me få kristenfolket og FrP-arane og alle dei partilause, fortvilte reaksjonære folka integrert i resten av samfunnet? Korleis kan me gjere det slik at dei føler seg som ein del av eit trygt Noreg, korleis skal me sørge for at dei begynner å identifisere seg med oss andre? Korleis skal me få dei til å føle seg sett og høyrt?

Ofte er svaret, når me har det vanskeleg her i Noreg: Sjå på Sverige, har dei gjort noko lurt? Og om det ikkje ser ut til at svenskane har funne på noko, så kan me alltids sjå på USA og gjere motsatt av dei.

Svenskane har visst ikkje heilt klart å integrere sine eigne homofobar, rasistar og misogyne.
Så då er det berre å sjå på USA. Kva har dei gjort i Unaiten?
Dei har, som dei ofte gjer, auka avstanden. Den tolerante og inkluderande majoriteten produserer filmar og tv-seriar der dei drit ut dei intolerante og ekskluderande. Dei lagar dokusåper og reality og talkshow der den store middelklassen kan sitte med oppsperra auge og la seg eklast og underhalde av Ku Klux Klan, våpengale sørstatsfolk og overvektige fattigfolk som uttrykker dei umoderne haldningane sine på eit enkelt språk med mange banneord.

Sidan amerikanarane held på slik, er det i alle fall ikkje vegen å gå.
Her til lands likar me ikkje avstand så godt. Me syns det er greiast om folk flest, helst alle, kan ha det kjekt i lag. Me likar ikkje steinkasting og skyting på anna enn vilt ein har fellingstillating på, og dersom nokon skal le veldig mykje av ein subkultur er det greiast at dei tek initiativ til det sjølv.

Kan hende var det eit rett skritt likevel, å gi Nina Karin Monsen den der prisen. Om folk ikkje får viljen sin, fordi dei strengt tatt er i mindretal og meinar noko fleirtalet syns er horribelt, så kan dei jo få ein pokal.
Alle kan ikkje få pokalar, kan hende. Men diplomar kan dei få. Knappar, kanskje, om dei deltek i debattar. Fritt ord-knappen. Så får me, fleirtalet, vist dei at me set kjempestor pris på dei. At me er veldig for ytringsfridomen, og at det er stas at folk nyttar den til å seie fleirtalet midt i mot, for det er jo slik me veit at me har demokrati.

Kan hende vil dei bli litt gladare då? Kan hende blir dei så glade til slutt at dei heilt gløymer at dei eigentleg er mot både homoar og karrierekvinner og innvandring? Kan hende blir dei heilt og aldeles integrert og begynner å gå på Litteraturhuset og drikke økologisk Sancerre for miljøet? Tenk så fint då!

Advertisements