Det er vanskeleg å IKKJE blogge etter å ha lese Morgenbladet i dag, Thomas. Og eg er immun mot antisemittkortet ditt, sidan eg har eit slikt sjølv. Einaste som verkeleg burde halde meg frå å skrive dette, er at dette blir andre bloggposten i trekk som er ein kommentar til noko som nokon har synsa i Morgenbladet. Og det er strengt tatt ikkje heilt kosher, uansett.

Men bortsett frå at eg tenker at Bendik Wold no sit og lurer litt på om dette er einsalgs personleg vendetta frå di side, så er eg ikkje heilt usamd i åtaket ditt på kulturkommentatorsjiktet.

Snarare tvert om. Men eg er usamd i løysinga di. Det er kan hende fint om alle held kjeft, om ein er lei av å høyre på dei. Det er likevel noko anna eg ønsker meg:

Det ville vore uendeleg mykje kulare om alle som sat og kommenterte noko heime hos seg sjølv, til dømes at barnetv på nrk er blitt komplett disneyifisert, at partiet Venstre sin song er hakket meir forferdeleg enn FrP sin, at norske romanar er for trauste eller upolitiske eller keisame, at det burde vere rockfestival i den lokale parken framfor den jævla dansebandgreia, – faktisk gjorde noko med det.

Dersom eg ser noko som er for dårleg, keisamt eller pinleg, så kan eg freiste gjere det betre sjølv.

Om eg har ein god ide, noko eg saknar, noko eg syns nokon burde skrive, gjere eller arrangere, så kan eg ta meg saman og gjere det sjølv.

Kommentarar kan setje i gong debattar, men det endrer ingenting. Det som endrer noko, er at nokon tar fatt og gjer noko. Og dersom du vil skape ein debatt for at nokon andre skal gjere noko, kvifor faen ikkje berre starte ut med å gjere det sjølv?

Sur på politikarane? Meld deg inn i politiske parti!
Syns du Hotell Cæsar  er for dårleg? Skriv eit manus!
Saknar du meir punka erotiske teikneseriar for vaksne? Fram med papir og blyant!

Kommentatorane legg lista høgt for kva som er kult nok å produsere, det er som kjent temmeleg mykje lettare å seie at noko er dårleg enn å gjere det betre sjølv.
Og der du, Thomas, blir inderleg sur av smaksgnålet, kjenner eg morskjenslene bløme. Eg får same kjensler som når ungane sit på sidelinja og seier at dei kjeder seg, at den leiken dei andre driv med er tåpeleg og barnsleg, og det ikkje er noko gøy på tv. Når dei ikkje vil prøve noko nytt, og sparkar i grusen og seier at dei ikkje får det til likevel.

Eg får lyst til å oppmuntre, rose, dytte i ryggen, og vise dei at det fins ei verd av fridom, glede og meistring der ute, ein stad der ein får bruke seg sjølv, der ein deltar og veks og får vise seg sjølv at ein er meir enn keisamt sur og kul. Der ute, på sjølve arenaen, kan ein bruke heile spekteret!

Men ikkje berre det.
Når ein faktisk gjer noko sjølv, får ein eit heilt anna syn på produksjon.
Som ungdom kan ein sjå foreldra sitt arbeid som enkelt og tåpeleg, og tenke at A4-pakka er for trang og lita og teit for ein sjølv. Men når ein står krumbøygd over blomebedet tjue år seinare, er ein stolt og nøgd med å ha fått til såpass.
Som kommentator er ingenting stort nok, bra nok, intelligent og nyskapande nok. Men når ein har stått med si eiga bok i nevane, vil ein ikkje lese andre sine romanar på same måte nokonsinne igjen.

Så der Thomas vil betale kommentatorane for å halde kjeft resten av livet, vil eg invitere dei ut på arenaen. Skap sjølv, om så berre ditt eige dørskilt. Eg lover: Du blir stolt. Ei kjensle som gruser misnøye med andres arbeid any day.

Advertisements