Då tikka den einogtjuande bloggomtalen inn, om eg ikkje har oversett noko der ute på nettet.
I starten var det mest skummelt, sjølv om eg har eit ganske avklart forhold til at ikkje alle folk kan like alle bøker. Men etterkvart som folk har tatt så fint imot boka mi, har det blitt berre kjekt å lese. Både fordi folk les så forskjellig, likar forskjellige karakterar, stussar over ting eg trudde var enkelt, og ingen nemner ting eg meinte var opplagte rarietetar. Men også fordi eg oppdagar så mange fine bokblogger der ute!
Tusen takk, alle saman! Og om nokon les dette og lurer på om det er noko vits i å skrive omtale til bøker som allereie er omtalt av andre, – så er i alle fall eg ikkje i tvil: Skriv! Det fins minst eitt menneske som les med stjerner i augo. Forfattaren sjølv. 😉
Eg har blitt veldig nysgjerrig på boka di, etter å ha lese om henne i så mange bloggar. Ho står definitivt på skaffe-og-leselista mi for hausten.
Kjekt å høyre. Håper den fell i smak.
Jeg er glad for at boken ble en suksess! Ser at flere bokhandlere fronter den og at de fleste har tatt den inn – tilogmed Tanum på litteraturhuset. Jeg gleder meg til jeg er ferdig med litteraturstudiet slik at jeg får tid til å lese bøker.
No har eg omsider fått makka meg til å bestille boka di. Ja, eg måtte det for bokhandlaren nærast meg hadde den ikkje, og det er langt å køyre til Molde. *sukk* Hipp hurra for bokkilden.no i alle høve. No er det berre å håpe at posten Bring klarar å finne vegen hit med pakken min fort-fort.
Håper boka fell i smak, då!