Beltedyr kan halde pusten og snuse på ting samstundes.

Det kan ikkje eg. Men eg kan lukte mange ting som eg ikkje kunne lukte før. Slik er det når nasen ikkje er kronisk bedøvd. Med flunkandes ny kontakt med eigne olfaktoriske sanser er eg nysgjerrig og positivt innstilt. Eller merker i alle fall at eg lurer på kva det er eg kan lukte.

I går trudde eg tildømes at det lukta hestepiss av ei myr eg fall i. Syns eller trudde. Men det stank piss. Og så trudde eg at det lukta blåbærlyng og furu, men så var det så sterkt at eg snart forsto det måtte vere bæsj. Det var ganske langt inne i skogen. Det heng ikkje saman.

Eg kan også smake ting betre.

Det er ikkje noko godt med vin når det verken smakar eller lukter som det skal. Grevlingar har ein luktesans som er 700 ganger betre enn vår. Grevlingar drikk ikkje vin.

Men kva faen. Vin er uansett pointless utan røyk.

Eg skulle skrive noko hyggeleg, hadde eg tenkt, noko om dyr og skogturar og frisk luft og frisk nase. Kanskje i morgon.

Reklamer