Breaking news: Arrangementet på Chateu Neuf i kveld blir litt forsinka.

Eg kjem med eit seinare fly enn planlagt. Så: Ikkje stress. Det tar eg meg av.

 

****************

Sit du og surfar på nett frå jobb? Oh, stakkars, stakkars deg. Eg sit og surfar på nett i senga, eg. Veldig mykje betre. Kaffien er i alle fall betre. Og så kan eg ha radio på utan å skjemst.

I dag er skrivedag. Torsdag. Eg skal berre skrive halve dagen. Resten av dagen skal eg bruke til å ta eit fly, eit tog, ein drosje, og så skal eg prate med ei som eg aldri har møtt før som heiter Miriam. Me skal snakke om Song for Eirabu. Eg er ikkje så flink til å halde meg til saka, så me får no sjå kor mykje Eirabu det blir, og kor mykje anna eg får lyst til å underhalde henne med.
Dersom nokon vil tjuvlytte, så er det veldig fint. Me skal late som om me ikkje ser dykk, men likevel snakke høgt nok til at de kan høyre.

 

forfatteraften

Klokka 20.00, i andre etasje på Chateu Neuf, gratis inngang, billeg vin, billeg te.

Eg har drive og gått meg vill i skogen dei siste dagane. Det er ikkje så vanskeleg, ein skal berre gå bort frå stien, og fortsetje å gå til sola går ned. Eg er framleis sliten i beina, men har ein merkeleg trang til å gå meg vill i skogen ein gong til. Kanskje eg rekk det før flyet. Kanskje eg rekk flyet.

Reklamer