lang kjole

Antrekket, før eg visste kor utruleg praktisk det ville vise seg å vere med raude støvlettar

Torsdag blei den raraste dagen.
Eg skulle bli intervjua på Chateu Neuf, og sjølv om eg ikkje akkurat forventa at det kom nokon for å høyre på, så hadde det vore lurt å rekke flyet.
Eg rakk ikkje flyet.
Og det kom mange folk.
Då eg dukka opp ein time for seint hadde dei ikkje gått sin veg. Kanskje fordi dei var nysgjerrige etter eg hadde bedt arrangøren opplyse om kvifor eg var komme for seint: At eg hadde køyrd på ein ungsau, som var så hardt skadd at eg fann det etisk rett å avlive den. Men sidan eg ikkje hadde noko eigna avlivingsutstyr i bilen, måtte eg bruke det eg hadde tilgjengeleg. Dyret var seigliva, eg kom for seint til flyet, men eg var på veg så raskt eg kunne, framleis med blodflekkar på dei høge hælane.

Studentane var snille, eit veldig fint publikum som hadde kjekke spørsmål etterpå.

Så bar det ut i verda, det vil seie Oslo-natta.  Sjeldne visittar i storbyen og like sjeldne møter med gode vener inviterer til lukkelege timar der ein drikk med begge hender og underhalder kvarandre med røvarhistoriar frå røynda. Utover kvelden har eg ein tendens til å bli litt vulgær, heldigvis hadde dei fleste i selskapet vinbriller på og ingen såg ut til å bli alt for flaue på mine vegner.

Resten av helga har eg gøymt meg på andre sida av Noreg, langt her vest, på ei hemmeleg øy. Eg har gått turar i sol og i regn, spelt poker og lese i Lucifers evangelium. Brillefin helg.

fjelberg september

Denne vegen fører ingen stader. Det er berre spor etter hjort på den. Altså ein hjorteveg. Bygd rett før jakttida.

fjelberg september 2

Her kan hjorten stå og sjå ned på den kyrkja eg gifta meg i. Det likar sikkert hjorten. Då nynnar den nok.

Advertisements