Dei siste dagane har vore slitsame for alle som blir irriterte på tiltak som setter folk i tronge, ubekvemme båsar ut frå kva kjønn dei har.
Forlagsbransjen har fått eit såkalla kvinneforlag, som satsar tungt på lettlese erotikk.
Til helga slår Disney saman to av sine kanalar (Toon, der dei klassiske Donald og Langbein regjerer i gammal og ny form, og Jetix, kanalen for moderne japanskinspirerte fantasyseriar/manga-action) til ein ny guttekanal. Heimesida til den nye kanalen er pynta med skateboard og sprettballar, og mange jenter sine disney- og manga-favorittar blir no putta i ein «dette er for gutter»-kanal.
BarneVakten, som skal passe på at det som skjer i mediene er greit for barn, fastslår at Disney har heilt rett i at gutar og jenter liker forskjellige ting.

– Gutter og jenter har ulike medieinteresser. Dette gjelder ikke bare TV-mediet, men digitale medier generelt, sier BarneVaktens daglige leder Øystein Samnøen.
– Jenter er gjerne mer sosialt- og nytteorienterte enn gutter. Gutter søker i større grad underholdning, utfordringer og spenning, mener Samnøen.

Dette er slett arbeid frå BarneVakten, som burde vere meir bevisste på korleis born er utsatt for massiv kjønnskategoriserande marknadsføring. Dette gjeld alt frå tidlegare kjønnsnøytrale LEGO til klistremerker og ryggsekkar.
I Stavanger har undertøysbutikken Dick & Daisy denne veka reklamert i vinduet for «Din første BH. Fra åtte år og oppover.» Vindusreklamen blei fjerna etter media viste interesse.
Det har gått nokre år sidan fleire av dei store kjedene trakk tilbake babybikinien etter påtrykk frå publikum. Det hjalp å irritere seg dengong, det hjalp å irritere seg no. Men det hjelper berre om me gjer noko med irritasjonen: Stiller spørsmål og er medvitne forbrukarar.

Sjølv om jenter som gruppe ser ut til å velge sosiale verktøy på nett, treng me ikkje pakke dei inn i rosa glitter i alle samanhenger. Sjølv om mange gutar har godt av å springe frå seg i friminutta, treng me ikkje utpeike sport som ei guttegreie.
At det på gruppenivå fins forskjellar mellom kjønna gir ikkje oss vaksne rett til å kjønne alle aktivitetar, klær, leiketøy og tv-program for ungane våre. Og det gir oss ingen rett til å kjønne alle personlegdomstrekk eller preferansar.

Det er ikkje slik at ungane sjølv ikkje merker kva som skjer. Ungdomsskuleelev Maren Veim skriv:

Det er også vanskelig å skille seg ut! Hvis du er en gutt så kan det være vanskelig å innrømme at du liker feminine ting fordi du er redd for å bli stemplet som homo.
Sånn sett er det jo litt greiere å være jente for det å være litt maskulin kan bare være tøft i noen miljøer.

Det med miljø er også viktig for hvordan jenter og gutter blir behandlet i forhold til hverandre.
Hvis du er i et litt gammeldags miljø som mener at guttene skal gjøre alt det tunge arbeidet og at jenter er så hjelpeløse, så gjør jo det at det blir sånn; hvis jenter aldri løfter litt tungt blir vi jo ikke sterkere og hvis vi alltid blir passet på og aldri får gjøre noe selv så blir vi jo hjelpeløse!

Me vaksne velger. Me har makt over kva me velger å kjøpe, og marknadsføring handler om å få tak i våre pengar.
Og berre eit enkelt spørsmål fekk butikkeigaren i Stavanger til å fjerne reklamen for barne-bh-ar.
Det nytter å tenke. Det nytter å spørre. Det nytter å velge.

Eller me kan la borna våre vekse opp i den tru at det fins svært avgrensa og tronge rammer for kva kvinner og menn kan seie, føle, meine og gjere.

Vårt valg.

Bileta er henta frå Revolusjonært roteloft som presenterte Jeyoong Meyon sitt kunstprosjekt for norsk bloggpublikum i fjor haust.

Advertisements