Eg vaknar opp til eit Noreg som dels jublar over fire nye år med Jens, og dels fortviler over manglande regjeringsskifte.
Kva handla eigentleg dette valget om?
Eine eller andre statsministeren?
Skulle tru det.

Folk har slurpa i seg nyhende om skjørtelengder, mobbing av feite Erna, underskrifter frå sinte Lars og evig bitre Siv. Det har vore personfokus, det har vore regjeringsfokus, det har vore snakk om kva det eine og det andre partiet eigentleg ville svelge av kamelar om dei kom i posisjon til makt, og overskrifta har vore TAKTIKK under heile valkampen.

Kva handla dette valget om?
Sånn heilt eigentleg, når partiprogramma er pakka vekk, stemmene talt opp og mandata fordelt?
Handla det om det eine eller andre trynet på skjermen? Eine eller andre taktikken og hestehandelen?

Sjølvsagt gjer det jo ikkje det. Det handlar om den jobben politikarane skal gjere dei neste 4 åra.

Det er fire år til me kan skifte ut dei som no sit på stortinget. Fire år til me igjen har lov til å velge.

I 2009, etter 25 år med aukande medvite og kunnskap om miljø, om klima, om kva gift med puttar i oss sjølve og verda me bur i, med stadig aukande kunnskap om samanhengen mellom fattigdom, krig og manglande ressursar, overforbruk, energimangel og bioteknologi.

Kva velger folk i Noreg? Eit av verdas rikaste land, kanskje det einaste landet som kom seg velberga gjennom finanskrisa og framleis er frie til å velge utan å engste seg for verken krig eller livsfarleg fattigdom i eige land?

Kva gjorde me?

Det var to parti som hadde ambisjonar om å prioritere miljø. Velgarane kunne velge mellom eit sosialistisk alternativ, og eit borgarleg. Begge framsto som stabile, trygge, fornuftige parti i resten av programma sine, ingen ting å skulde på. Ingen væpna revolusjon eller rasistiske utspel eller religiøs fanatisme. Berre to fornuftige, greie, forståelege parti og miljø i fokus. Velg sjølv: Sosialistisk løysing på miljø med mykje statsinnblanding? Velg SV. Borgarleg løysing, med fokus på fridom og næringsliv? Velg Venstre.

Kva valgte folket?
Kva valgte Noreg?

Desse to partia, som var dei einaste som hadde fokus på verdas viktigaste problem, på utfordringane som kan gjere eg og du til epidemiramma fattiglusar i eit krigsherja land om me ikkje tar oss saman, fekk 10% av stemmene. Til saman.

Eg er ikkje sint.
Eg er frykteleg, frykteleg lei meg.

Advertisements