• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: desember 2009

Skuld versus opphavsrett

20 søndag des 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 20 kommentarer

 

Er dette verkeleg meg? Er det mitt liv? Er det eg som har skuld i at dette er som det er?

Har eg opphavsrett på desse vala eg har gjort?

Finnes eg?

Kva er fri vilje, når det ikkje er reelle dilemma, berre val mellom udugeleg og mogleg?

Er dette min blogg, ein stad eg kan skrive kva eg vil? Korleis kan det vere det, så lenge det finnes nokon som les?

Er eg aleine? Ropar eg hjelp, men ingen kan høyre meg?

Er det naudsynt å finne svar?

Sprik

17 torsdag des 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 17 kommentarer

Eg heng ikkje saman. Eg går på jobb, er konsentrert og engasjert, gjer det eg skal, av og til meir og mindre, eg fungerer. Eg kjem heim, eg hentar guttungen på SFO, eg smiler når han kjem springande, «eg blir så glad når du kjem springande» seier eg, speglar det som skjer, og meiner det, «det er fordi du elsker meg på ekte» svarar han og set seg i bilen. Eg bakar julekaker, vaskar kjøkenbenken, eg lagar peparkakehjarter og vaskar vindauga før eg heng dei opp.

Eit godt menneske, eit menneske som har gleder, som tek ansvar, som lever i ein kjærleg familie. Som kan kose seg med eit glas raudvin foran peisen. Vakkert. Slik det skal vere, burde vere. Slik det er.

Kvar gong eg opnar laptopen blir eg sint. Rastlaus. Går i loop mellom fb, twitter, underskog, forum, forum, epost, nettaviser. Eg har ikkje glede av det, det døyver raseriet, midlertidig. Eg opnar dokumentet, eitt av dei. Det er her inne eg skal skrive, skjermen er nesten kvit, ramma er smal. Eg får lyst til å kaste opp, kaste skjermen, kaste pcen skrike. Eg gjer ingenting, sit still og stirrar, held ikkje, held ikkje, skriv ikkje, tenker ikkje, hatar alt, hatar jobben min, hatar julekakene, hatar livet, hatar jula, vil reise meg, reise vekk, drikke meg dritings ein stad som er varm og kor eg kan røyke inne og ute.

Eg røyker ikkje.

Eg skriv ikkje.

Eg drikk meg ikkje dritings.

Eg bakar julekaker og har det fint med ungane, fyrer i peisen, går på jobb, les aviser, støvsuger.

Eg heng ikkje saman.

Morgenbladet på kjønnsville vegar

11 fredag des 2009

Posted by Avil in Avsløring, Kjønn, Mediekommentar

≈ 27 kommentarer

Morgenbladet har i dag via to av sine omfattande kommentarar til farsrolla.

Den eine av Simen Sætre, som har sett på barnetv, og meiner Linus i Svingen framstiller den moderne far som eit tåpeleg mannebarn, fordi Marvin i serien er tildelt karaktertrekk som tilsvarar ein femåring. Derifrå meiner Sætre me kan reflektere litt kring farsrolla som i følge Sætre har utvikla seg slik:

Fra å være et respektert familieoverhode med naturlig autoritet og vetorett i alle saker, synes Far å ha falt kontinuerlig i tiår etter tiår, inntil dette foreløpige bunnivået med Marvin faller parallelt med – og legger grunnlag for – Ap-representant Gunn Karin Gjuls utspill sist uke om at enslige kvinner må kunne få kunstig befruktning.

Eg har opplevd at fedre i større og større grad tar del i barneoppdraging, og tar del i barna sin kvardag. Slik påverker fedre barn i større grad enn dei nokonsinne kunne gjere om dei sat og gøymde seg bak avisa.
Eg og Sætre snakkar kan hende ikkje same språk når me snakkar om makt og autoritet. Eg vil derfor vere særs tydeleg: Slik eg ser det er barn er ein enkel og takknemleg storleik når ein skal måle i kor stor grad ein påverker dei. Den som er der påverker. Den som gjer lekser med dei, styrer dei gjennom rutinar, rådgjev og lytter, hjelper og masar, er den som set seg i maktposisjon. Den distanserte sjefen som kjem innom og bjeffar litt i sjutida blir aldri anna enn ein fjern konsernleiing som ingen lyttar til verken i det daglege eller i viktige spørsmål kring riktig og galt.

Rollekarakteren Marvin er ein vaksen som oppfører seg som eit barn, eit lite barn. Det er rett nok ikkje mange silke kvinnelege karakterer i barnelitteratur eller film, men me har då ei bok heime med ei mamma som oppfører seg barnsleg. Ungane likar den godt. Dei likar mr Bean også, og Herr Hikke, og desse manipulerande og umodne leirfigurane som stjeler godteri og frukt frå kvarandre.
Avvik frå normen er humor, og dersom Marvin var den nye Far ville han ikkje vere morosam for nokon. No sit ungane og krøller tær og ler og ropar «nei, nei, nei» når Marvin gjer ting ein kan forvente av eit barnehagebarn.
Rekasjonane deira tyder ikkje på at Far er blitt det nye Barnet.

Men Simen Sætre er ikkje aleine om å bekymre seg for farsrolla, og han er jaggu heller ikkje aleine om å tillegge Ap-representant Gunn Karin Gjuls utspel om assistert befruktning for einslege kvinner normativ vekt.

Debattredaktør i Morgenbladet, Marit K Slotnæs, gjer ei endå merkelegare øving enn Sætre sin oppheving av Marvin til den nye Far.

Ho startar med å minnast ei kresen venninne, tenker litt på kor mange kresne ungar som får viljen sin i dag, og kor vanskeleg det er å snakke høgt om. Så er ho kjapt innom kor mykje meir heime med ungane fedrene er, og vips er me over på den detroniserte mannen, som ikkje trengs i befruktning eller oppdraging. Eg følger verken logikken eller resonnementet, så det er vanskeleg å finne ut av kva som gjekk galt her.
Det er nok riktig at den nye barneoppdraginga er prega av meir forhandling og mindre tydelege vaksne. Eg ser ikkje heilt kva samanheng dette har med verken at far har nokre vekers permisjon med baby, eller at far er redusert til spermdonor.
Kan hende skal eg ikkje henge meg opp i utgangspunktet hennar: Dei kresne (og me antar: dårleg opdratte) ungane no til dags.

Hovudpoenget hennar ser ut til å handle om assistert befruktning.
I ein bisetning tar ho avstand til «Nina Karin Monsens skingrende retorikk», men i det følgande er det vanskeleg å få auge på kva det er ved Monsen sin retorikk Slotnæs skulle vere usamd i. For her er det samrøre av foreldreroller, kjønnsnøytrale ekteskap, anonyme sæddonorar, og gråtande born som spør om far er ei sædcelle, i kjent Monsen-stil.

Og den som burde ta grep her, er visst mannen:

Det er å håpe at Jens Stoltenberg i dette spørsmålet viser seg som mannen i huset.

Noko menn kanskje då har slutta med, etter dei begynte å vere meir saman med ungane sine?

Saman står desse to kronikkane og skin i sin eigen kjønnskonservative retorikk. Meininga var kan hende å seie noko om forslaget om assistert befrukting for einslege kvinner. Det skulle eg gjerne sett Sætre og Slotnæs sable ned.
Dessverre kom dei i staden til å ytre ønske om å gjenreise mannen som absolutt autoritet i familien, og antyde noko om at Morgenbladet meiner at det er fornedrande og øydeleggande for menn, born og samfunnet at me har fått likestilling og menn som deltek heime.

Endå mindre infopost

06 søndag des 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 3 kommentarer

**** Red.06.12.09: Lurt tips frå lesar:****

Eg kan faktisk berre handle mi eiga bok i bokhandel her eg bur, signere og sende i posten, så om du vil ha signert bok før jul er det ikkje for seint. Men då må du altså sende postadressa på ktofte@hotmail.com og ikkje på twitter eller facebook eller blogg, så er eg sikker på at eg har oversikt! Ein bunke bøker allereie sendt i posten, takk for interessa, finaste folka!

*****

Bare ein liten og informativ post

02 onsdag des 2009

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 2 kommentarer

På torsdag skal eg lese på Litterturhuset. Eg er ikkje den einaste, og det er på sett og vis bra, men me er 24 debutantar og det er strengt tatt i overkant. Anyway: Om du bur i Oslo og hadde tenkt deg å gi Song for Eirabu i julegåve til nokon, er det eit veldig bra tidspunkt å få ei signering. Om du ikkje bur i Oslo, og har vore inne på liknande tankar, så er det faktisk framleis eit godt tidspunkt, for eg skal stikke oppom forlaget og signere litt mens eg først er i Tigerstaden. Siste sjanse før jul folkens, så send meg ein epost på ktofte@hotmail.com, så ordnar me noko. Og for alle andre, som berre vil høyre folk lese frå debuthjartebøkene sine, så kan me sitje tindrande og lyttande i same sal på onsdag og torsdag. Eit helvetes maraton, men eigentleg fint likevel. Det er Helene Uri som skal presentere boka mi, eg håper ho likte den. :skjelve:

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

desember 2009
M T O T F L S
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031  
« nov   jan »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...