Morgenbladet har i dag via to av sine omfattande kommentarar til farsrolla.

Den eine av Simen Sætre, som har sett på barnetv, og meiner Linus i Svingen framstiller den moderne far som eit tåpeleg mannebarn, fordi Marvin i serien er tildelt karaktertrekk som tilsvarar ein femåring. Derifrå meiner Sætre me kan reflektere litt kring farsrolla som i følge Sætre har utvikla seg slik:

Fra å være et respektert familieoverhode med naturlig autoritet og vetorett i alle saker, synes Far å ha falt kontinuerlig i tiår etter tiår, inntil dette foreløpige bunnivået med Marvin faller parallelt med – og legger grunnlag for – Ap-representant Gunn Karin Gjuls utspill sist uke om at enslige kvinner må kunne få kunstig befruktning.

Eg har opplevd at fedre i større og større grad tar del i barneoppdraging, og tar del i barna sin kvardag. Slik påverker fedre barn i større grad enn dei nokonsinne kunne gjere om dei sat og gøymde seg bak avisa.
Eg og Sætre snakkar kan hende ikkje same språk når me snakkar om makt og autoritet. Eg vil derfor vere særs tydeleg: Slik eg ser det er barn er ein enkel og takknemleg storleik når ein skal måle i kor stor grad ein påverker dei. Den som er der påverker. Den som gjer lekser med dei, styrer dei gjennom rutinar, rådgjev og lytter, hjelper og masar, er den som set seg i maktposisjon. Den distanserte sjefen som kjem innom og bjeffar litt i sjutida blir aldri anna enn ein fjern konsernleiing som ingen lyttar til verken i det daglege eller i viktige spørsmål kring riktig og galt.

Rollekarakteren Marvin er ein vaksen som oppfører seg som eit barn, eit lite barn. Det er rett nok ikkje mange silke kvinnelege karakterer i barnelitteratur eller film, men me har då ei bok heime med ei mamma som oppfører seg barnsleg. Ungane likar den godt. Dei likar mr Bean også, og Herr Hikke, og desse manipulerande og umodne leirfigurane som stjeler godteri og frukt frå kvarandre.
Avvik frå normen er humor, og dersom Marvin var den nye Far ville han ikkje vere morosam for nokon. No sit ungane og krøller tær og ler og ropar «nei, nei, nei» når Marvin gjer ting ein kan forvente av eit barnehagebarn.
Rekasjonane deira tyder ikkje på at Far er blitt det nye Barnet.

Men Simen Sætre er ikkje aleine om å bekymre seg for farsrolla, og han er jaggu heller ikkje aleine om å tillegge Ap-representant Gunn Karin Gjuls utspel om assistert befruktning for einslege kvinner normativ vekt.

Debattredaktør i Morgenbladet, Marit K Slotnæs, gjer ei endå merkelegare øving enn Sætre sin oppheving av Marvin til den nye Far.

Ho startar med å minnast ei kresen venninne, tenker litt på kor mange kresne ungar som får viljen sin i dag, og kor vanskeleg det er å snakke høgt om. Så er ho kjapt innom kor mykje meir heime med ungane fedrene er, og vips er me over på den detroniserte mannen, som ikkje trengs i befruktning eller oppdraging. Eg følger verken logikken eller resonnementet, så det er vanskeleg å finne ut av kva som gjekk galt her.
Det er nok riktig at den nye barneoppdraginga er prega av meir forhandling og mindre tydelege vaksne. Eg ser ikkje heilt kva samanheng dette har med verken at far har nokre vekers permisjon med baby, eller at far er redusert til spermdonor.
Kan hende skal eg ikkje henge meg opp i utgangspunktet hennar: Dei kresne (og me antar: dårleg opdratte) ungane no til dags.

Hovudpoenget hennar ser ut til å handle om assistert befruktning.
I ein bisetning tar ho avstand til «Nina Karin Monsens skingrende retorikk», men i det følgande er det vanskeleg å få auge på kva det er ved Monsen sin retorikk Slotnæs skulle vere usamd i. For her er det samrøre av foreldreroller, kjønnsnøytrale ekteskap, anonyme sæddonorar, og gråtande born som spør om far er ei sædcelle, i kjent Monsen-stil.

Og den som burde ta grep her, er visst mannen:

Det er å håpe at Jens Stoltenberg i dette spørsmålet viser seg som mannen i huset.

Noko menn kanskje då har slutta med, etter dei begynte å vere meir saman med ungane sine?

Saman står desse to kronikkane og skin i sin eigen kjønnskonservative retorikk. Meininga var kan hende å seie noko om forslaget om assistert befrukting for einslege kvinner. Det skulle eg gjerne sett Sætre og Slotnæs sable ned.
Dessverre kom dei i staden til å ytre ønske om å gjenreise mannen som absolutt autoritet i familien, og antyde noko om at Morgenbladet meiner at det er fornedrande og øydeleggande for menn, born og samfunnet at me har fått likestilling og menn som deltek heime.

Advertisements