Eg heng ikkje saman. Eg går på jobb, er konsentrert og engasjert, gjer det eg skal, av og til meir og mindre, eg fungerer. Eg kjem heim, eg hentar guttungen på SFO, eg smiler når han kjem springande, «eg blir så glad når du kjem springande» seier eg, speglar det som skjer, og meiner det, «det er fordi du elsker meg på ekte» svarar han og set seg i bilen. Eg bakar julekaker, vaskar kjøkenbenken, eg lagar peparkakehjarter og vaskar vindauga før eg heng dei opp.
Eit godt menneske, eit menneske som har gleder, som tek ansvar, som lever i ein kjærleg familie. Som kan kose seg med eit glas raudvin foran peisen. Vakkert. Slik det skal vere, burde vere. Slik det er.
Kvar gong eg opnar laptopen blir eg sint. Rastlaus. Går i loop mellom fb, twitter, underskog, forum, forum, epost, nettaviser. Eg har ikkje glede av det, det døyver raseriet, midlertidig. Eg opnar dokumentet, eitt av dei. Det er her inne eg skal skrive, skjermen er nesten kvit, ramma er smal. Eg får lyst til å kaste opp, kaste skjermen, kaste pcen skrike. Eg gjer ingenting, sit still og stirrar, held ikkje, held ikkje, skriv ikkje, tenker ikkje, hatar alt, hatar jobben min, hatar julekakene, hatar livet, hatar jula, vil reise meg, reise vekk, drikke meg dritings ein stad som er varm og kor eg kan røyke inne og ute.
Eg røyker ikkje.
Eg skriv ikkje.
Eg drikk meg ikkje dritings.
Eg bakar julekaker og har det fint med ungane, fyrer i peisen, går på jobb, les aviser, støvsuger.
Eg heng ikkje saman.
Legg det bort. Skru det av. Kom hit, så drikker vi oss dritings inne og ute. Med PC-forbud.
Prøver igjen 🙂
Legg det bort. Skru det av. Kom hit, så drikker vi oss dritings OG røyker inne og ute. Med PC-forbud.
Takk, du. Har hatt det slik eit halvår, og hatt fleire fylleturer altså. Lurer på om eg skal skrive ei lita og veldig rasande bok før eg kjem vidare.
Hva som helst som får deg videre fra det stedet du er nå høres bra ut.
Kanskje det er presset om _kva_ du skal skrive som gjer det? Som å ha ein evigvarande heimeeksamen? Kanskje du treng å skrive noko heilt anna, noko du ikkje visste om på førehand, eller ingenting i det heile? Eller kanskje du treng å byrje og røyke igjen. Kom gjerne til Oslo, så har vi det kjekt saman.
Ja, det er også noko med at for kvar månad som går utan at dei planlagte prosjekta går frametter, kjennest det meir og meir umogleg å gjere kva eg vil.
Men eg veit ikkje kva eg vil heller.
Eg vil til Oslo igjen, og sitje på Litteraturhsuet og skrive, trur eg. Kanskje eg må det, rett etter nyttår.
Ja, kanskje det! Har du høve til å få fri frå jobb for å gjere det?
Kanskje du vil det du driv med, berre at det står i stampe?
Det kommer til å gå seg til, du bruker å stampe litt før du løsner. Litteraturhuset etter jul høres bra ut. Kanskje jobbe uten pc en periode?
Eg trur ein plan formar seg. Takk, internett.
Dette høres mye ut som å skrive 60 studiepoengs masteroppgave *sukk*
Oh, verre. 🙂
Masteroppgåva skreiv eg først. Så over 500 siders roman. No er det påan igjen. Det er å gjere det om att og lure på kvifor som er strevet no. Einaste eg veit er at det er uaktuelt å la vere. Utan at eg kan forklare det på noko vis.
Skrivemaskin?
Uansett trur eg du må ta juleferie. Julemorgon startar i morgon tidleg. Då er det tid for juleferie.
Ja! Då skal me sitje under pledd og sjå på Kåre Magnus og ete klementiner. Kos, kos, kos. Manglar berre cognacen, så er alle tankar om livslede borte.
Åh, den jævla motstanden. Det er ikke sikkert at Lit.huset er en dårlig idé. *knuseklemmer*
Klemmer litt forsiktig og håper du har kommet gjennom jula. Hvis det hjelper, kan jeg godt fortelle at ikke jeg heller henger sammen, og det er ikke noe litteraturhuset på meg… Men skriv den lille sinte boka davel. Den vil jeg gjerne lese.
Eg overlevde, og heng kanskje ikkje alltid så godt saman, men eg kan jo akseptere at eg er meir mosaikk enn akvarell eller noko. *djup*
*klemmer på mary*