• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: januar 2010

Stikk av, midt i den leie bakken

22 fredag jan 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 4 kommentarer

Det har vore tungt å komme seg attende til tastaturet. Å skrive si første bok er å vere ung. Det du gjer er enno ikkje så viktig eller avgjerande, du har tida foran deg og kjem til å bli klokare, flinkare og betre seinare.

Å skrive si andre bok er å vere vaksen. Dei der ideane eg berre rabla ned, liksom, er blitt trykte og innbunde, kjøpt og lese og omtalt. Det blei keisamt å skrive, ei plikt, noko eg meinte eg burde.
Så no vender eg ræva til dykk alle, drit i forlag og lesarar og ungane mine og jobben og kva som måtte ligge i innboksen.

Berre for ei veke. Men eg har tenkt å narre meg sjølv til å tru at det er for alltid, og at det eg skriv igjen berre er slike rare idear eg får, og slett ikkje noko som andre skal lese.

Ha det på badet.

Ingen skal skulde meg for å ligge på stranda i alle fall. Eg skal sitje inne, under dyna, og skrive hemmelege kapittel.

Helsing Gamle Blakken.

Fola fola Blakken
Nå er Blakken god og trett
Blakken skal bli god og mett
Å fola fola Blakken
Huff, den leie bakken
Og den lange stygge hei
Den var riktig dryg for deg
Du gamle gamle Blakken
Far han kastet frakken
Blakken kan ei kaste sin
Svetter i det gamle skinn
Den snille snille Blakken
Snart skal Blakken sove
Ikke mer slit i dag
Ikke mer sele-gnag
Og ikke mer tråve

Fola fola Blakken
Går du inn i stallen din
Kommer vesle gutten inn
Og klapper deg på nakken
Ser du gutten smile
Hører du det bud har har
Han skal hilse dig fra far
I morgen skal du hvile
Drøm om det du Blakken
Bare ete bare stå
Kanskje rundt på tunet gå
Med vesle gutt på nakken

– Nordahl Rolfsen

Ikkje målgruppe

21 torsdag jan 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 9 kommentarer

Eg har fått epost frå ein slik cv/stillingsannonse-database.

Dei skriv dette til meg, for å vise meg at dei forstår akkurat korleis eg har det, etablere felles utgangspunkt, slik at eg skal forstå at det dei tilbyr er noko for meg:

Nytårsfortsæt 2010

* Træn mere
* Find drømmejobbet
* Spis mindre chokolade
* Opret et CV
* Spar op til en Ferrari
 

Det er i grunnen fint at dei seier det rett ut, at dei er tydelege på kva slags folk dei er. Då kan eg utan å tenke meg om slette eposten, utan å bekymre meg for om eg har gått gilpp av eit produkt som var skreddarsydd for akkurat meg.
Mine nyttårsforsett er nemleg omlag slik:

* Seie opp det dyre støttemedlemsskapet på treningssenteret
* Jobbe mindre
* Ete meir sjokolade
* Skrive bøker
* Slutte å eige bil

Vals med Bashir

20 onsdag jan 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ Legg igjen en kommentar

Handlegata er rein om morgonen, husveggene skinande kvite, reklameboard med vakre kvinner. Banken er sval, kvinna i lys bluse smiler slik eg ventar det: Ikkje eigentleg høfleg eller hjarteleg, meir mekanisk slik kvinnelege bankansatte smiler verda over. Bilar pent parkert der dei skal, ei eldre dame med høghælte, vonde sko, ho nektar å gi slepp på eit ekko av heit ungdom eller stil, ho går med hunden sin i band og latar som ho ikkje ser når den let ein svart, tynn drit krølle seg rett utanfor fortauet.

Alt ser vanleg ut. Gjenkjenneleg. Ryddig, og greit. Uhøflege folk. Vennlege folk. Unge menn i chinos og lyseblå skjorter. Unge kvinner med hårlokkar nedetter ryggen. Du treng ikkje sjekke, du veit det er der, alt saman: Legar, advokatar, ingeniørar, kaffibarar. Alt du ser liknar noko du kjenner, så du reknar med at rundt neste hjørne vil det komme fleire gjenkjennelege gater, fleire bilar og folk og lyktepælar og kioskar på hjørnet.

Du kan vere der, arbeide der, feriere, slentre rundt. Du kan ete isen din på ein benk ved strandpromenaden og kjenne deg trygg.

Du møter mennesker. Du snakker med dei. Alle oppfører seg heilt vanleg.

Du kan bli kjend med dei, besøke dei heime, få servert god mat, prate om kven som burde fått nobelprisen i litteratur, eller om heterofile og homofile diskriminerer bifile med den normative monofilien sin, om ingefær og mango kan ha noko med kvarandre å gjere til dessert. Eller du kan krangle med dei om ei skrape i bilen. Alt vil føregå meir eller mindre som du ventar deg, i alle fall når du har komme forbi den bittesmå kulturelle forskjellane. Du vil vakne om morgonen der og tenke at du er heime.

Berre av og til, på ein fjern, rar, draumeaktig måte vil det streife deg. At alle du møter som er i slutten av førtiåra, mannen bak rattet på bilane som køyrer forbi, apotekaren med gråstenk i håret, bankfunksjonæren, bærer på ein felles løyndom.

Så veldig mange av dei blei fødd det året fedrene deira var borte ei tid.

Og sønene og døtrene deira har noko dei ikkje kan snakke om.

Besteforeldra deira snakkar, men ingen orkar høyre meir om det dei opplevde i si tid. heldigvis er dei snart stille. Dei døyr av alderdom no. Så kan det bli stilt. Så kan dei få feie gatene, opne og lukke butikkar, bankar, skular, feire brudlaup, stryke til eksamen, skilje seg, kjøpe seg ein is.

Generasjon. Etter generasjon. Etter generasjon. Kva gjer det med eit folk? Kva gjer det med ein sivilisasjon? Kva gjer det med eit menneske?

Ingen orkar å snakke om det. Ingen orkar å ta det inn over seg.

Bileta blir for nære, krampen i magen for smertefull.

Her er ein film som let deg orke. Bashir tar vare på deg, så du skal orke. Sjå den på ein kino nær deg.

Feministisk manifest

19 tirsdag jan 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 15 kommentarer

1. Damer må ha sitt eige dop.

2. Damer må ha sitt eige rom.

3. Damer må ha sin eigen lønnskonto.

Men punkt ein er viktigast.

Damer må ikkje kjøpe vin og ta med på fest og gi vinen til vertinna (og forvente å få servert vin av ein raus og tankelesande vertinne)-
Damer må ikkje gi fjernkontrollen til mannen sin (og forvente å få servert underhaldning av ein raus og tankelesande mann).
Damer må ha sitt eige dop. Det som er viktig, må ein disponere sjølv. Det som er gøy, må ein sjølv ha kontroll over.
Ein kan ikkje hinte og håpe.
Ein kan ikkje smile og vente.

Damer må ha sitt eige dop.

Omtaler

15 fredag jan 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 13 kommentarer

Dette blogginnlegget er berre til meg sjølv. Eg fann nettopp ut at den der sidestolpegreia kan forsvinne. Bloggen er ein fin stad å gøyme omtalelenker. Men ikkje om dei blir borte.

No hjalp google, så eg klypper og limer. Bær over. Bloggpostar blir nemleg ikkje borte om ein skiftar mal og slikt. Så det må altså berre vere slik.

ASVbib

Fløy en liten blåhval

Bokstavelig talt

Bibliotekarens bibliotek

Biblioteksentralen (klikk på Månedens fantastiske debutant)

Den hemmelige hagen

Bookhouse girls

Buskerud leser

Tvslavens treningsblogg

Maris mørke hjørne

Underhold meg

Tones boksider

Av en annen verden

Hjorthen

Hagen på hytta

Frem fra skyggene

Flimre

Bharfot

Revolusjonært roteloft

Cloudberry

SerendipityCat

Sammensurium.net

Marianne leser

Rullerusks rablerier

lises hobbyblogg

Seasons in Sogndal

Adresseavisa (klypt og limt)

Årsaka til at eg var litt forstyrra og sletta heile omtalelenkelista var eit bilete eg ramla over.
Jonas. Naken. Motorsag. På brygga. I regn.

Eg er den mest interessante eg kjenner

12 tirsdag jan 2010

Posted by Avil in Litteratur

≈ 13 kommentarer

Dei mest engasjerande blogginnlegga i bloggverda handlar om blogging. Ikkje fordi me ikkje bryr oss om verdsfreden og miljøet og nobelprisar og rasisme, men fordi metablogging handlar om oss.

Dei mest intense samtalane me har handlar om oss.

Om korleis me eigentleg har det, om våre næraste, om kjærleik og lengt, om frustrasjonar og kvaler, om skam og angst og kvardag.

Det er ingen hemmeleg Knausgårdkode.

Alle eg snakkar med for tida, les Knausgård. Men når dei snakkar om Min Kamp, snakkar dei om seg sjølve. Karl-Ove Knausgård skriv om seg sjølv med ein detaljrikdom som gjer at alle kjenner seg att. Dei les om seg sjølve, og ingenting er meir engasjerande.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

januar 2010
M T O T F L S
 123
45678910
11121314151617
18192021222324
25262728293031
« des   feb »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...