Eg har lese Jern. Jævla gøyal bok. Torgrim Eggen har skrive ei samtidsbok. Den er kanskje ikkje for alle. Men veit du kva? Den er for deg.

Her er Ove-Loke som trollar seg sjølv på forum for å få opp eksterne treff. Her er orddelingsdama med smilefjestourette som lokkar fram alle fordommane dine. Her er antropologberta med kulturkropp som ikkje skjønar kva tid nok er nok, med noko.
Du kjenner dei.
Og du kjenner måten ein blir kjent med dei på. Fordi du les dette. Du les ein blogg, du har til og med funne denne vetle nynorskbloggen her ute i periferien av bloggosfæren der tenåringane ikkje tør gå når det er lyst eingong.
Du forstår skrift på ein annan måte, du har ein skriftleg sosial kompetanse som vil gjere Jern til ei heilt anna bok for deg enn for den jamne n00b lesar og kritikar.

Jern er morosam.
Men er den eigentleg ei av årets viktigaste bøker, med eine fingeren på New Age-pulsen og andre fingeren på internettets fallgruber og tredje fingeren på 2012 og fjerde fingeren på vår tids nye gudar (miljø, slowfood, amming, genteknologi, Obama), og så tommelen i rassen på sjølve rasjonalismens fall? Det er vanskeleg å svare nei, på eit så leiande spørsmål. Men eg kan vere ganske sta, især når eg gir meg sjølv så lite valg. Eg vil seie at eg litt i stuss.

Dersom målet er å skildre samtid, er sikkert Knausgårds detaljerte confessionlitteratur like god.
Samtida er ikkje naudsynleg best skildre ved sine avvik og rarietetar. Samtida og dei viktigaste spørsmåla i nordmenn sine liv foregår nok over dårleg traktekaffi i lunsjen i grå kontorbygg, og neppe over sjølvdyrka økopuré i eit obskurt kollektiv.
Til gjengjeld er det eit ganske presist bilete av eit alternativt kokihop som har noko for alle. Eg greip meg i å nikke, eg har til og med budd i obskurt kollektiv med eigen økosurdeig som hadde overlevd sidan kollektivet blei stifta av leninistar 18 år tidlegare. Om du har streitare ungdomstid enn meg, er det sikkert noko for deg her og.

Eg forstår at forlaget, journalistane og kritikarane har lyst til å henge seg opp i kor edgy og oppdatert og spanande dette med internett og konspirasjonsteoriar og religion er.

Eg vil berre få lov til å påpeike at boka er festleg litteratur.
Massiv research, leikande språkbruk, tydelege karakterar (først gjenkjennande tatt på kornet, og deretter viser det seg at det er dine eigne fordommar som blei tatt på kornet).
Eggen kan handverket så godt at det vanskelege framstår lett. Du kan berre slenge deg inn i boka, han tar vare på deg heile vegen.

Innvendingar? Tjah, to kanskje. Eg har leita med lupe.
1: Eg likar ikkje spoilere. her var sjølve konseptet i romanen avslørt på førehand. I pressen, og bittelitt vel mykje (jepp, eg er sart) av baksideteksten. Kan vere det var derfor eg av og til sat litt smått irritert første kvartingen av boka og tenkte at eg visste kva som skjedde.
2: Eit illusjonsbrot. No er me i øverste hylle i pirkeavdelinga, men eg likte det ikkje. «Som et plott i en dårlig roman,» seier ein av karakterane om det som skjer.

Hah. Det var alt eg hadde å pirke i. Og eg kunne spart meg det, sidan det var så lite at eg måtte leite med lupe. Men no vil eg ikkje framstå som heilt aldeles ukritisk.

Ok. Her er det berre å løpe og kjøpe.

Advertisements