Nokon spør om ein kan stole på det eg skriv her, sidan det hender eg får gratis bøker.

Det hender eg får bøker frå forlag.
Det hender folk eg kjenner frå nett gir ut bøker. Nokre gonger får eg då bøkene deira i gåve, andre gonger ikkje. Oftast ikkje.
Det hender folk eg kjenner IRL gir ut bøker. Det hender at dei gir meg bøkene sine i gåve, eller får forlaget til å sende meg boka. Men det hender også at det ikkje skjer.

Eg får i grunnen veldig mange bøker.
Eg omtaler ganske få.
Og dei eg ender med å omtale er oftast bøker eg har kjøpt sjølv.

Det er med andre ord dårleg business for folk og forlag å sende meg bøker for å bli omtalt. Eg skriv berre om bøker eg har lyst å skrive om.

Eg innrømmer at eg veldig gjerne VIL like bøker som folk eg kjenner har skrive. Det skjer berre så sjeldan, og det er litt trist. Eg blir veldig glad og letta når det verkeleg lukkast, og då omtaler eg.

Eg er ei vaksen dame, eg har jobb, og eg tener nok pengar til å kjøpe dei bøkene eg vil.
Dessutan kan eg trekke frå bokkjøp på skatten, sidan eg gir ut bøker sjølv.

Denne bloggen er tekstar eg skriv aldeles gratis, og noko eg gjer berre fordi eg har lyst.
Likevel veit eg at min integritet som skrivande, publiserande menneske også er påverka av det eg skriv her.
Å selge integriteten min ved å skrive ei gratis bokmelding på bloggen som eg ikkje står inne for, berre fordi nokon har sendt meg ei bok, er bortimot noko av det mest absurde eg kan førestille meg.
Sidan eg veit at det er slik, at eg veit at eg ikkje likar dei fleste bøker eg får tilsendt, og dermed ikkje omtaler dei, så føler eg ikkje at ein «denne boka var gratis»-merkelapp høver verken her eller der.

Men sidan det blir stilt spørsmål ved integriteten min her, tok eg kanskje feil.

Håper dette var oppklarande nok?

Advertisements