Eg skriv. Det vil seie, det gjer eg ikkje. Men litt, då.

Det er slik at eg arbeider. Rett nok berre 60% av vekedagane, noko som utgjer omlag fire sjuandedelar av dagane, og altså berre 30 av vekas 168 timar. Med andre ord er det 138 deilege timar å skrive på. Trekk eg frå dei 63 timane med søvn eg treng, er det framleis 75 feiande flotte skrivetimar. No skjønar jo alle at ein treng litt tid på å stå opp, dusje, kle seg og komme seg til og frå arbeid, kan hende går det normalt 4 timar i veka på denslags. Og etter jobb, anten det er jobbejobb eller skrivejobb, skal ein hente sfo-unge og handle og sjå på at nokon gjer lekser og lage middag, eller i alle fall ete middag om nokon andre lagar han. La oss vere rause og seie at det går 10 timar i veka på det. Og 7 timar med kvelds, leggerutinar for born som skal lesast for og hjelpast med hårvask og tannpuss og syngast for. Og la oss for ordens skuld vere greie og legge inn 4 timar med dobesøk, tannpuss, og litt enkelt husarbeid. Me sit likevel att med herlege 50 timar i veka der eg kan skrive og skrive og skrive.

Kvar er dei? Og no, når eg sit her heilt aleine utan familie og utan jobb ei heil veke, kva skjer?

Eg trur kan hende eg er mindre eigna til dette skrivegreiene enn eg trudde.

Men eg har framleis ein god grunn for å drive med det. Kan hende skal eg fortelje om det i morgon.

Advertisements