Halvdansken ringte frå Danmark i går kveld.

Eg: Kva har de gjort i dag, då?
H: Me har vore i akvarium.
Eg: Åh, så kjekt. Såg du fisk og sel og slikt, då?
H: Berre fisk, dei har visst ikkje sel i akvarium.
Eg: Nei?
H: Og så kjøpte me ein fiskebolle.
Eg: Var den god?
H: Den er i alle fall veldig stor.
Eg: Klarte du ikkje å ete opp?
H: Mamma?
Eg: Ja?
H: Me skal ha fisk i den.
Eg: Ei bolle med fisk i. Ei fiskebolle. Som er veldig stor.
H: Ja.
Eg: Men det er ikkje fisk i den no?
H: Pappa seier me må kjøpe fisk i Norge.
Eg (langsamt): Ei stor bolle til å ha fisk i.
H: Du, eg trur du må snakke med pappa.

Sist halvdansken fekk ansvar for noko levande, var det ein kaktus han hadde på rommet sitt.

Kaktusen hadde nok fått litt lite vatn ei tid, endå han vatna den med alvorstyngd samvit kvar torsdag (sjølvvalgt dag, ikke spør). Og så dunka en kompis borti den og der knakk den.
Halvdansken grein så snørret rann, og faren trøsta begge to og forklarte at det ikkje var nokon si skuld og sånt skjer og sånn.
Mellom hulkene kom det då eit hjarteskjærande  «jahahahammen, eg var så veeeldig GLAD i den».

Okei. Now picture a dead fish in a bowl. 

Advertisements