Mobilen ringer. Det er sjeldan slike sleske seljarar på mobilen, men det hender. Endå sjeldnare er vel følgjande oppleving, for både han som ringer og for meg.

Eg: Hallo?
Seljar: Hei, dette er frå Dag og tid. Eg ringer fordi me har ein kampanje der ein kan få Dag og tid i eit halv år til berre…
Eg: Okei!
Seljar: Ja, eh, det er altså ein kampanje der me…
Eg: Ja, eg har fått avisa gratis i tre veker no, og vil gjerne fortsetje å ha den, og då er det berre å sende giro med når de sender neste avis?
Seljar: Eh…
Eg: Eller?
Seljar: Jaudå, jo, nei, det er sikkert heilt, ja, men…takk skal du ha.
Eg: Heilt i orden! Hade!

Advertisements