På torsdag skal eg og Harald Rosenløw Eeg stå på same scene, då P2 arrangerer noko på Internasjonalen (Youngstorget, Oslo) som sikkert blir gøy.

Sidan eg ikkje hadde lese noko av HRE før, tenkte eg at det kunne eg likegodt få gjort i dag, og dermed blei søndagsselskapet mitt Yatzi frå 2004.

Dette er ungdomsroman, og det har eg lese noko av i det siste, grunna ein hemmeleg plan. Men eg slit med ungdomsbøkene. Eg tenker «jo, dei har jo ikkje lese allverda, så dei vil vel ha det slik,» og så les eg vidare meir på trass enn på lyst. Det ligg ei avstand mellom meg og desse bøkene, eg føler meg som eit gammalt menneske som lyttar til ungdomsmusikk og tenker at «jo, dei har jo ikkje høyrt Beatles eller Joplin eller Nirvana og høyrer jo ikkje at dei riffa der er tjuvstjåle, og det einaste som manglar her er…» Jah. Ungdomsbøker.

Dette var annleis. Sug i magen heile vegen. Som lesar er eg begge, eg identifiserer meg så uventa sterkt med karakterane, og samstundes er eg vaksen psykologdame på BUP som vil knuge ungane inntil meg og fortelje dei at det ikkje er deira feil. At dei vaksne pinadø har å ta seg saman. Og dei vaksne her er greie. Truverdige, greie vaksne. Ungdommane er fine. Skadeskotne og bråkjekke, men ikkje påtrengande eller slitsame. Forfattaren fell ikkje for freistinga, han let ikkje nokon rote seg oppi meir enn eg orkar, slik at eg tilslutt orkar det som er meir enn born kan tåle.

Faksimile frå NRK si omtale då Yatzi blei brageprisnominert

I morgon skal boka med meg på jobb. Kolleger og samarbeidspartnarar bør lese ho. Alle som står utanfor når ungdommar viser skarpe eggen sin, bør inviterast innanfor. Det klarar Rosenløw Eeg.

Advertisements