• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: april 2010

Liberiasnegle

30 fredag apr 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis

≈ 4 kommentarer

Kjære deg som nærast dagleg finn vegen til bloggen min ved hjelp av Google og søkjeordet liberiasnegle.

Det heiter ikkje liberiasnegle.
Det heiter iberiasnegle. Også kalla mordarsnegle og brunsnegle. Dersom du har funne ein slik brun, svær snegl i hagen, kan du kysse ein del sommarblomar og heimedyrka grønsaker farvel, medmindre du vil gjere ein utmattande og etterkvart svært bitter innsats i hagen din.
Eg har forsøkt det meste.
Men uansett kva du prøver deg på, uansett om du velger nematoder, øl, ferromol, saks eller skarpe metallkanter:

Det heiter ikkje liberiasnegle.
Den blir heller ikkje fornærma om du nyttar feil søkjeord, det går berre ut over deg sjølv, som ikkje finn ut av alt det du vil og treng.

Iberiasnegle.
Iberiasnegle.
Iberiasnegle.

Menn vil ha kvinner med pengar

30 fredag apr 2010

Posted by Avil in Avsløring, Kjønn, Mediekommentar

≈ 7 kommentarer

Det er lett å synse seg så langt bort at ein trur på det sjølv, og det kan ein endå lettare gjere dersom ein freister endre på det ein har synsa seg fram til at ein trur er sant, for då treng ein ikkje eingong seie at ein meiner det skal vere slik, berre at det er slik.
Kva hokerten snakkar eg om no?

Jopp, eg snakkar om den evige påstanden/sanninga om at menn med god jobb, utdanning og pengar virkar attraktive på kvinner, medan menn søkjer deilege, yppige og unge damer som kan spre genene deira.

Det er berre at nokon har sjekka røynda.
Og har funne ut at menn helst vil gifte seg med slike damer som har pengar og utdanning og god jobb, medan damene velger utfrå kjærleik (eller seksuell attraksjon = ønske om å spreie gener, som me plar kalle det når det er menn som seier akkurat det same).

Hoho.

(ja eg innrømmer det: eg kunne funne ei betre, forklarande lenke til Preben Z si masteroppgåve om at pene kvinner velger rike menn, basert på intervju med seks bekjente, eller nesten kva som helst anna som er sagt eller gjort av harald Eia, eller kjønnsforskarar eller kven som helst som meiner at pene kvinner finn ihop med rike menn anten fordi det er arv eller miljø eller dårleg statleg styring av mikro og makroøkonomiske verkemiddel, men eg ELSKAR det utdraget nederst i Indregaard sin bloggpost, kunne ikkje dy meg)

Bortelagsmål på heimebane

20 tirsdag apr 2010

Posted by Avil in Avsløring

≈ 7 kommentarer

Namnet mitt toppar statistikken over kva folk har søkt på for å hamne på bloggen min.
Men not so today.

«aina basso» 3
karl den store 2
kohut 2
avil 2

Krøkjande tiger, skrivande drake

18 søndag apr 2010

Posted by Avil in Skriveprosess

≈ 5 kommentarer

«Det er utruleg korleis ein verkeleg kan leve seg inn i korleis ein middelaldrande lastebilsjåfør har det!» utbraut ein medstudine, fleire ti-år yngre og motsett kjønn av den rolla ho nyleg hadde spela i terapi-rollespel. «Eg begynte å grine då du fortalde du hadde vore utru,» påpeikte ho ekstatisk, og dulta borti ei anna medstudine, som hadde spela kona hans.

«De må hugse at de ikkje veit noko som helst om dei rollene de spelar,» minna forelesar Marianne Egelund oss på. «De spelar ikkje ut dykkar forståing av andre. De spelar ut dykkar eigne fordommar».
Slik er det å skrive. Eg skriv ikkje om andre, eg skriv ut mine eigne fordommar. Eg stiller karakterane mine spørsmål, om kva dei vil, kva dei er redde for, kva som er viktig for dei. Men det er eg som svarar.

No skriv eg meg inn på nokon som er svært annleis enn meg. Ein gutelarv på 15, som ikkje er nokon utanforståande, bleik og svartkledd ungdom, som ikkje søkjer til biblioteket for å finne fred, som ikkje blir vald sist i gymtimane, eller er usikker på om kompisane hans verkeleg likar han.
Eg krøkjer meg bak han, snik på han, skriv om han i klasserommet, på sykkelen på veg til fotball, strak i stupet frå svaberget.
Eg legg dei tynne skinnvengjene mine kring han, omsluttar solskinet og skulehatet og gleda ved å skåre mål.
Eg let han vekse i meg, let han verte kjøt og blod under solbrente skuldre og blåmerke og kviser.

Han finst ikkje. Men fordommande mine er magiske. Dei skapar folk.

Sensur av kunst

17 lørdag apr 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 9 kommentarer

Bøkene om Barbapappa frå 1974 kom ut på nytt i 2006.
Teikningane er vakre kunstverk der 70-talets alvor (i høve verdiar), leik (i høve autoritetar) og syreestetikk er blanda med art nouveau.

Eg vart nyleg gjort merksam på at desse kunstverka er sensurerte i 2006-utgåva.

Omslaget frå 1974 med tobakk (øverst) og sensurert utgåve frå 2006 nederst

All tobakksbruk er fjerna: På omslaget er ein sigarett og ei pipe fjerna, på side 6 er ein mann med sigarett sensurert, side 23 ein mann med sigarett, og på sidene 26 og 27 mann med pipe, samanlikna med originalen frå 1974. I tillegg er ein mann med ei flaske alkohol fjerna.

Det er synd.

Fordi ein redigerer allereie utgitte kunstverk, og fordi det sannsynligvis røper at liknande sensur også gjeld ny kunst.
I USA har dei lenge sensurert alt som bryt med «gode kristne familieverdier» fra barne- og ungdomsbøker (skildringar av homofile, førekteskapelig sex osb) fordi bøkene blir stjåle frå biblioteka.
Her heime sensurerer me altså bileter av vaksne som bruker rusmidler. Det er nok «godt ment» (det er vel sensur alltid), men det innebærer både innskrenking av kunstnerisk fridom, innskrening av ytringsfridom, og at ein del barn ikkje får spegla røynda si i den kunsten dei opplever.
Dei eineste bøkene der ølflasker og sigaretter inngår, er dei barnebøkene der det er gått veldig galt, der mamma ikkje vil vakne og der lille Jesper ikkje veit kven som kan hjelpe han. Men ei normalisering og ei lett og ikkjeproblematiserende måte å snakke om rus på (som har vist seg å være den einaste måten ein letter skam/tabu omkring rus på) er altså sensurert.

Ønsketenking, asketid

16 fredag apr 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 2 kommentarer

Vinteren har vore lang og avvikande, med stjernehimmel mest kvar kveld, og våren kom brå og like stjerneklar. Eg sit der ute sist på kvelden, på balkongen, med eit vinglas eller ein kopp te oppå rekkverket, eit lite bord (som er ein blå krakk eg snikra på ungdomsskulen) med askebeger ved sida av meg. Eg pakkar meg inn i ullpledd, eg har ein eigen teknikk for å halde halve meg varm, også føtene, utan å subbe teppet i balkonggolvet når det er vått .

Eg er stjernekikkar, tilsynelatande i alle fall, og kikkar på stjernene gjer eg.

Men eigentleg er eg stjerneskotspeidar. Ventar og ventar, og stirar så stjernene dansar og eg må blunke fleire gonger for å sjå stjerneklårt igjen.
Eg har ønsket mitt stjerneskotklårt, ventar, ventar, litt til, og der fyk det ei lysande stripe nedetter svart himmel, mellom stilleståande glitrestjerner, og eg må vere rask, tenke det parate ønsket mitt, tenke det ferdig medan steinen framleis brenn i atmosfæren, elles gjelds det ikkje.

Torsdag sat eg der igjen, tenkte magiske tankar eg har lært og magiske tankar eg har funne på, og så bestemte eg meg: Ein kan også ønske seg noko når ein ser fly. Ein får god tid til å formulere ønsket sitt klårt og tydeleg, ein kan ønske seg meir gjennomtenkte og verkeleg nyttige og ønskverdige ting.

Fredag vakna eg under ei dommedagssky og sidan har eg ikkje fått ønske meg noko på denne lettvinte og godt gjennomtenkte måten.

I kveld må eg vente på stjerneskot igjen.

Kjem den dimme
draken fljugande,
fråne-orm, nedan
frå Nida-fjelli.
Ber lik i fjørom,
flyg yver voll
Nidhogg nåbleik.
No mun ho søkke.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

april 2010
M T O T F L S
 1234
567891011
12131415161718
19202122232425
2627282930  
« mar   mai »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...