Kjære deg som nærast dagleg finn vegen til bloggen min ved hjelp av Google og søkjeordet liberiasnegle.
Det heiter ikkje liberiasnegle.
Det heiter iberiasnegle. Også kalla mordarsnegle og brunsnegle. Dersom du har funne ein slik brun, svær snegl i hagen, kan du kysse ein del sommarblomar og heimedyrka grønsaker farvel, medmindre du vil gjere ein utmattande og etterkvart svært bitter innsats i hagen din.
Eg har forsøkt det meste.
Men uansett kva du prøver deg på, uansett om du velger nematoder, øl, ferromol, saks eller skarpe metallkanter:
Det heiter ikkje liberiasnegle.
Den blir heller ikkje fornærma om du nyttar feil søkjeord, det går berre ut over deg sjølv, som ikkje finn ut av alt det du vil og treng.
Iberiasnegle.
Iberiasnegle.
Iberiasnegle.
Tilbaketråkk: Liberiasnegle « Ljos. Mørkre.
Strålande innlegg!
For ordens skyld: Du ligg i RSS-lesaren min. Eg har ikkje søkt i Google. Eg veit forskjellen på Liberia og Iberia (med og utan sneglevedheng).
Ler og ler.
Iberiasneglen liker øl har jeg hørt, og de drukner i det.
Iberiaskogsnegle, faktisk. Jeg har den ikke, men lever stadig i intens frykt.