• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: mai 2010

Årvisse

24 mandag mai 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 3 kommentarer

Då stikker eg avgarde til vårens vakraste, som i år er lova regntung himmel i fem dagar til ende.
Eg skal høyre på kloke, morosame og sikkert også keisame folk.
Møte gamle og nye vener.
Sove på hotell og drikke på pub.

Det blir bra.

Det skumlaste

21 fredag mai 2010

Posted by Avil in Fint og flott, fuck the system, Uncategorized

≈ 7 kommentarer

Eg har gjort det skumlaste eg veit. I fjor blei det så skummelt at eg liksom knakk saman halvvegs, fekk ikke til å gjere det eg skulle, og endte med å måtte betale ganske mykje unødige pengar til Staten.

Eg har sendt næringsoppgåve. Sjølvmelding. Skatteetat. Likningskontor. Eg berre seier det.
Eg spydde ikkje, eg svima ikkje av, eg begynte ikkje å grine.

Eg fekk det til.

Sendt.

Fy faen så stolt eg er.

\o/

Russefeiring og eksamen

18 tirsdag mai 2010

Posted by Avil in fuck the system

≈ 11 kommentarer

Russefeiringa er ein 105 år gammal tradisjon her til lands, og noko av det mest levande og elska av gamle tradisjonar i kulturen vår.
Ein kan meine mykje, og det er det alltid mange som gjer, om fyll og usømeleg oppførsel, og mange lærarar, rektorar og foreldre har nok opp gjennom åra freista mane til edrueleg eksamenslesing i mai. Men kampen mot feiringa må seiast å vere tapt.
Så kvifor held ein fast i ei ordning der eksamen er lagt så seint at 18-19-åringane våre må velge mellom å øydelegge karakterane sine, eller stå utanfor ei svært sterkt forankra sosial feiring?
Ein kort periode ein gong på 1900-talet var det ei prøveordning med å legge eksamen før russefeiringa. Eg har vanskar med å finne kjelder på dette, men folk i 60-åra har fortalt om tidleg eksamen, og russetur til København rett etterpå, ei ordning som fungerte aldeles utmerkt (for alle andre enn danskane).

Dette har vore debattert igjen og igjen, siste gong i 2005. «Forslaget ble møtt med laber interesse og mange motforestillinger. Det ble derfor ikke fremmet forslag om endringer,» meddelte regjeringa dengong. Og vidare blir det sagt at:

  • Opplæringsloven fastsetter at skoleåret skal bestå av et minstetimetall. Nedkorting av skoleåret vil ikke være i samsvar med klare politiske signaler som gitt fra mange hold..
  • Et alternativ kan være mer konsentrert undervisning, kutt i antall feriedager eller lengre skoledager resten av skoleåret.. Også det medfører utfordringer og problemer.
  • Det er usikkert om endret eksamenstidspunkt i praksis vil medføre at feiringen starter seinere.
  • Det er prinsipielt betenkelig at feiring og fest skal være bestemmende for undervisningsår og eksamen.

Til første punkt: Ein kan framleis sette standpunktkarakterar ved slutten av vanleg skuleår, og ha undervisning som planlagt. Det er ikkje noko gyldig argument mot å avhalde eksamen før 17.mai.
Til andre punkt: Prisverdig at ein har drøfta andre muligheter. Men at noko er vanskeleg å finne ei god løysing på, betyr ikkje at dagens løysing er god, berre at det er lettast å ikkje endre noko, tydelegvis.
Til tredje punkt: Sjølvsagt kan ein ikkje predikere resultat av endringar. Det har i norsk skule vore gjennomført svært mange endringar som har ført til andre resultat enn ein ønskte seg. Dette veit alle, ingen politiske vedtak kjem med garantiar for ønska utfall.
Til fjerde punkt: Ja, her er me vel ved sakens kjerne. Russefeiringa er like gammal som nasjonen, like årviss og samlande for dei unge som julaftan er for heile folket, og det er betydeleg meir begeistra og einsarta oppslutning om russefeiringa enn mange andre tradisjonar me held fast i. Til dømes er fridagane i samband med Kristi himmelfartsdag og pinse i praksis tømt for både meining og tradisjon for folk flest.
Kvifor er det då så lite vilje til å akseptere denne feiringa som eit sterkt, tradisjonsbunde kulturuttrykk?
Fordi det ikkje er ei religiøs feiring? Fordi det er knytt rus til den, slik også dei mykje eldre juleborda ikkje er aksepterte kulturuttrykk? Fordi det er ungdom, fest, glede og dionysisk jubel som er kjerneinnhaldet? Fordi det er farleg, og usunt?

Det er på tide å legge forholda til rette for at ungdommane våre skal få dei beste resultata ut av 13 års skulegang, framfor å halde fast i ei moraliserande og unnvikande haldning der ein gøymer seg bak at dette » primært er en privat markering for myndige personer over 18 år». Julefeiringa er også ei privat markering stelt i stand av myndige personar over 18 år. Eg har ikkje sett manglande vilje frå verken stat eller arbeidsplassar i høve tilrettelegging av den feiringa.

Improvisert teater

15 lørdag mai 2010

Posted by Avil in Teater

≈ 3 kommentarer

For meg blir improvisert teater (manus bannlyst! alt anna er lov! me er ville og galne og skamlause! skjemst aldri! blir aldri mållause!) ein blanding av selskapsleik og heseblesande laiv rollespel, der eg ikkje heilt forstår kva dei skal med publikum. Det ser gøy ut å vere med, då.

Nokon som likar å sjå på?
Har opplevd det som ei positiv greie?

Kven søker du i djupast naud?

15 lørdag mai 2010

Posted by Avil in Filosofi

≈ 5 kommentarer

Eg diskuterer Kyrkja, den norske med friske meingsbrytarar. Kva er den, kva skal den vere? Er prestane hyklarar når dei preker om lett lommefilosofisk krydra bibelstader, medan dei reflekterer og drøftar reelt interessante ting med andre teologar?

Og så, midt i diskusjonen, kjem dette:

Kyrkja skal vere ein stad ein kan komme med sin naud, uansett kva slags naud det er.

Eg veit ikkje kven som søkjer presten i naudstilfelle. Eg veit at helsevesenet eser ut, fordi folk kjem til oss med alle slag naud. Med von om at nauda skal bøtast på, det vonde skal reparerast, folk kjem med sorg og fortviling, og søkjer ikkje berre å lette sitt hjarta og dele, men reell og målbar lindring.
Og helsevesenet i alle sine hus og former deler publiken med andre som lover det same, dei såkalla «alternative» som også lokkar med at det vonde skal bli borte, og helst omdannast til energi og læring og vekst.
Kven er det som går den tunge vegen til presten, då?
Der er ingen lovnad om anna lette enn trøystande ord om frelse etter døden ein gong, eller at Jesus nok har tatt i mot barnet som døydde, eller vil ta imot din døyande mann.
Presten lokkar ikkje med å hente deg raskt ut av sjukmelding med effektiv «best practice»-metodar.
Presten skriv ikkje ut reseptar på transmittorsubstansreopptakshemmarar eller sender deg til scanning av skalle.
Presten lovar deg ikkje eingong å komme i betre kontakt med dine eigne ressursar, verken på vitskapleg eller komplett uvitskapleg grunnlag.

Kven går til presten i dag?
Og kva gjer du, i di djupaste naud?

Ingvill Solberg: Den yngste – dikt

14 fredag mai 2010

Posted by Avil in Litteratur, Teikning

≈ 9 kommentarer

Frierne må ikke være snakkesalige, sier min søster, de
må ligne harer og rever. De må ikke komme halsende,
men løpe lett og årvåkent. Jeg vil ha en frier med fly
og khakiklær, som Denys Finch Hatton.

– Ingvill Solberg

Eg les lite lyrikk, det vil seie: Eg prøver ofte, men gir opp. Ofte er det slik at eg forstår at poeten vil få meg til å føle noko, og så føler eg meg mest manipulert. Eller så finn ikkje tematikken gjenklang i meg, eller språket snakkar ikkje til meg.

Det hender likevel at dikt treff noko i meg, set mine eigne ord, kjensler og indre bileter i svingningar. Det er derfor eg prøver, igjen og igjen.

Og så har eg lagt merke til noko: Når det skjer, når dikt treff meg, les eg dei høgt. Eg gjer nesten aldri det med prosa. Det er noko med lyrikk som på eit vis talar i rommet mellom meg og andre, dikt eg likar er dikt eg vil dele.

Ingvill Solberg sine dikt har eg lese høgt. For mannen min, for mor mi, og for dotter mi.

Og dotter mi sat heile sist helg og teikna ut frå dikta eg hadde lese. Dikta skapte bilete i henne, og dei bileta var så annleis enn mine eigne at eg gjerne vil dele tilbake. Med dykk, og med Ingvill Solberg, så ho kan få sjå at orda hennar skapar noko i møtet mellom vaksne og born, mellom ord lese høgt og indre verd.

Min bror går ned
til dammen. Når ingen ser det,
legger han på svøm.

Når ingen ser det, slår han
med vingene, og skriker
sitt hese skrik.

– Ingvill Solberg

Bitekstuell

11 tirsdag mai 2010

Posted by Avil in Skriveprosess, Uncategorized

≈ 9 kommentarer

Ungdomsboka. Sin heilt eigen. Ein ny ein. Snik seg til, lurar seg med, hoppar fram med eit skremmande mohaha-(haha-som går over i pubertal fnising før nokon rekk å bli redd). Eg rekk knapt å kjenne han, før han dyttar i meg og tek over tastaturet når eg er trøytt og lei. Får meg med på leiken. Tullar med meg.

Og så Eirabu. Levande tyngd, dei eg har levd med så lenge, er så glad i, har hatt i tankane og kjenslene og alt som er meg i årevis. Mi første bok, som no skal sluttførast. Svennestykket som skulle vise meg sjølv og andre at mitt har noko mellom permar å gjere. Boka og soga som eg har gått gjennom kriser i livet med, alvorlege hendingar og ein lang kamp for å komme hit.

Djup, langvarig kjærleik som krever arbeid og arbeid, og så ein ungdom i huset som plagar meg for pengar og vil ha meg til å le.

Det er plass i hjarta til begge.

Kva driv Avil med?

03 mandag mai 2010

Posted by Avil in Kontornytt, Skriveprosess

≈ 5 kommentarer

Eg har snokt og funne ut kva Virrvarr driv med. Bloggen min er i daudvatne, men slikt som dette kan eg få til, trur eg.

Dette driv eg altså med:
1. Skriv Eirabu II. Som blir siste Eirabu-boka. Er ikkje komme så grueleg langt, med tanke på kor grueleg lang boka blir til slutt. Er på omlag 30 kapittel eller noko.
2. Jobbar på BUP. Dette burde verkeleg stå som nummer 1., sidan det er det eg gjer mest kvar dag og mest heile den tida av dagen der eg er produktiv og frisk inni skallen. Men eg nektar. På grunn av punkt 5.
3. Skriv ungdomsbok. Den er på bokmål, og er så annleis Eirabu at det kjennest som dei to hjernehalvdelane mine deler oppgåvene mellom seg. Men gøy. Verkeleg gøy. Som å snikdrikke brus i vaksenbesøk.
4. Ingen stipend, ingen stønad, ingen sugerør i statskassa. Ei bok ute, men ei svale gjer ingen sommar. Med andre ord: Eg er ikkje forfattar.
5. Eg definerer meg sjølv og det eg gjer får vere med å leike når eg definerer meg sjølv. Eg skriv. Eg forfattar ting. Gåddammit. Faktisk. Så drit og dra.
6. Eg er solstråle. Eg er nøgd. Eg gjer det eg vil og likar det eg må gjer.
7. Eg les gjennom nesten hundre sider Eirabu-manus og skal snart sende til redaktør. For aller første gong med denne boka. Jelp.
8. Og Mangschou skal ha ungdomsboka, så eg har ringt Anne Stefi i dag.
9. Og Leser søker bok har eigentleg lova meg stipend, så no må eg snart sende søknad. Hoho.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

mai 2010
M T O T F L S
 12
3456789
10111213141516
17181920212223
24252627282930
31  
« apr   jun »

Opprett en gratis blogg eller et nettsted på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen
 

Laster kommentarer...