Eg diskuterer Kyrkja, den norske med friske meingsbrytarar. Kva er den, kva skal den vere? Er prestane hyklarar når dei preker om lett lommefilosofisk krydra bibelstader, medan dei reflekterer og drøftar reelt interessante ting med andre teologar?

Og så, midt i diskusjonen, kjem dette:

Kyrkja skal vere ein stad ein kan komme med sin naud, uansett kva slags naud det er.

Eg veit ikkje kven som søkjer presten i naudstilfelle. Eg veit at helsevesenet eser ut, fordi folk kjem til oss med alle slag naud. Med von om at nauda skal bøtast på, det vonde skal reparerast, folk kjem med sorg og fortviling, og søkjer ikkje berre å lette sitt hjarta og dele, men reell og målbar lindring.
Og helsevesenet i alle sine hus og former deler publiken med andre som lover det same, dei såkalla «alternative» som også lokkar med at det vonde skal bli borte, og helst omdannast til energi og læring og vekst.
Kven er det som går den tunge vegen til presten, då?
Der er ingen lovnad om anna lette enn trøystande ord om frelse etter døden ein gong, eller at Jesus nok har tatt i mot barnet som døydde, eller vil ta imot din døyande mann.
Presten lokkar ikkje med å hente deg raskt ut av sjukmelding med effektiv «best practice»-metodar.
Presten skriv ikkje ut reseptar på transmittorsubstansreopptakshemmarar eller sender deg til scanning av skalle.
Presten lovar deg ikkje eingong å komme i betre kontakt med dine eigne ressursar, verken på vitskapleg eller komplett uvitskapleg grunnlag.

Kven går til presten i dag?
Og kva gjer du, i di djupaste naud?

Advertisements