Ein veps eg trakka flat på kontorgolvet mitt

Det gjekk plutseleg opp for meg at sidan det er så få som les bloggar for tida (i følge mine og Hjorthen sine statistikkar), så slepp eg å tenke på at nokon les det eg skriv.

Eg kan skrive dårlege dikt, eg kan blogge om dyra mine (om eg hadde nokon), eg kan fortelje om ein fantastisk vaffeloppskrift eg har funne (som sjølvsagt er den same alle andre har i sine kokebøker), og eg kan vise bileter av blomar ute av fokus. Dette kan verkeleg bli greier.

Eg vil legge ut med ei bitter, lita soge frå sist veke. Då spelte eg Besserwisser med ein flokk svært oppdaterte og samfunnsengasjerte lærarar med godt triviaminne. Det var sjølvsagt heilt jævleg, sidan eg har eit konkurranseinstinkt som ein middels orrhane, og eg husker jo faen meg ingenting av årstal eller namn eller kven som designa kva museum. Eg leid frykteleg. Så kom me då endeleg til ein kategori der eg hadde von om å kunne svare på noko, Tradisjon og tro. Eller var det Språk? (hoho, skal ein verkeleg drepe framdrifta i ei forteljing, skal ein byrje å drøfte med seg sjølv om det no var mandag eller tirsdag det skjedde, om det no eigentleg var akkurat slik han sa det eller om det var frå fru Mortensen eg høyrde det eller om det var på radioen – men eg har nesten INGEN lesarar no om sommaren, så eg kan berre DRITE i å fortelje dette på ein god måte, eg kan til og med banne og lyge om ting som kan googlast).

Eg sat rett i sofaen og skalv og tenkte at no – NO – skulle eg få flytte den satans brikken min heile fire skritt fram, kåmm ån! eg er klar! – og så kom spørsmålet: Kva latinsk ord tyder offerstad?

Det har seg slik at eg for over femten år sidan studerte saman med ein fyr som kunne latin. Eg spurte han om ordet gammal (alt) og alter kunne stamme frå det same ordet. Han fortalte då at ordet alter ganske enkelt tyder ei opphøging, altså noko som er heva over resten av golvet. Så eg visste jo at alter ikkje tyder offerstad. Og svarte derfor eit eller anna med sakrament. Men det VAR alter. Argh.

Dette er mykje gøyare for meg enn for deg, men sidan det berre er meg som er her, så gjer det ingenting.

Advertisements