Det hender sleggja må fram. Ei forteljing er skriven, det er karakterar, plott, det er scenar der folk pratar og gjer på ting. Noko er bra, noko er ikkje så bra, innimellom er det noko jækla bra. Det er mest umogleg å vite kva som gjer at heilskapen syg skikkeleg. Men den gjer det.

Eg ser det sjølv, det er ikkje språket eller einskilde karaktertrekk eller noko lirk og lureri med plottet.

Det er heile driten som samla sett er pissedårleg.

Då må sleggja fram.

Forteljinga skal ikkje flikkast på, det er verken pinsett eller kjenslevart pirk som treng. Den skal ikkje pulveriserast heller, eg treng store, brotne blokkar å flytte på. Heile driten må byggast opp på ny, men eg vil gjerne ha bitane.

Sleggja:

Inn med flunkande ny, sentral karakter.
Skifte synsvinkel.
Utvide plottet med fleire parallelle soger.
Endre sentrale deler av forteljinga, med følgjer for alt.
Smadre strukturen. Endre rytmen, endre retninga, endre intensjonen og/eller personlegdommen til karakterane.

Etter sleggja trengs det musikk. Kan hende er sveitte og hardt arbeid nok om du har nytta ei konkret sleggje på ein konkret vegg. men skal det bli litteratur, trengs det leik for å starte på ny. Det trengs mot, og mot kjem ikkje frå hardt arbeid aleine.
Mot til å bruke sleggja kjem når eg opnar døra mellom redsle for å øydeleggje det som er bra nok, og redsla for å skape noko som ikkje er meir enn bra nok. Men mot til å starte på ny, etter alt ligg i kaos, kjem frå den uhøgtidelige gleda ved leik, ved musikk, ved strekar som blir til bileter, ved kjælande hender som brått kitlar, ved champagne bak fjøset etter frukost, ved blåbærlilla smil og ein vits kviskra i mattetimen.

Eg spelar Kaizers Orchestra, eg spelar Susanna and the Magical Orchestra, orkestra spelar opp til manuskript, så bra blir ikkje noko om ein berre vil gjere det som er bra. Så svimlande, leikande fint kan ingen orkester spele som er flinke og aldri vil øydeleggje noko.

Eg elskar sleggja.
Eg brukar han ikkje så ofte, då ville eg aldri bli ferdig med noko.
Men eg elskar han.

Advertisements