Eg ser ikkje fotball.

Eg les ikkje lyrikk.

Eg ser i alle fall nesten aldri på fotball, det hender at eg dumpar ned i sofaen ute i sommarhuset, medan far min begeistra ropar foran skjermen, han er veldig redd for å vere til bry, far min, for han er ein slik som helst ser friidrett og fotball og ski og skøyter og sykling, og han brølar begeistra og ropar «sjå der, då, sjå, det er UTRULEG!» og så fortel han kva han ser på og vil invitere alle andre inn i dette magiske universet der ein ser på at andre nyttar kroppen sin til idrett og heier på dei, og ergrar seg over ting dei gjer med foten og slikt. Og han veit så vel at ingen andre i familien gidd sjå idrett på tv, og ingen andre brølar slik og ingen andre kan oppvise liknande begeistring for nærast noko som helst.

Eg les nesten aldri lyrikk, får eg vel tilføye, det hender nokon sender meg ei diktsamling i posten, anten fordi det er nokon eg kjenner som har skrive dikt, eller fordi eit forlag trur eg vil skrive på bloggen om dikt, eller fordi eg ahr meldt meg inn i einslags bokklubb som er akkurat passe lite krevjande og akkurat billeg nok til at eg framleis ikkje har meldt meg ut.
No har den billege og lite krevjande bokklubben sendt meg ei diktsamling om fotball.
Eg har lese den. Og merkeleg nok kjennest det heilt riktig å seie at det bør du også gjere.

Det er kanskje fordi eg har levd parallelt med dette universet så lenge, vakse opp med ein far som stakk til oss seigmenn for å lokke oss med til å sjå fotball (ein seigmann for målsjanse, to for skåring, slik fekk han oss også engasjert i å diskutere om noko var reell målsjanse eller ikkje), fordi eg har hatt kompisar og kjæraster som har spelt fotball og sett på fotball, kanskje fordi far min har sagt at eg ikkje må stole på ein mann som ikkje likar fotball (resonnementet er at fotballen er einaste arena i vårt samfunn der menn kan ta ut primitive og valdelege kjensler utan å vere til skade), kanskje fordi eg er i ferd med å vekse frå trassen og irritasjonen, kanskje fordi det var einaste gongen me fekk sjå tv og ete middag (om far min fekk ta risengrynsgrauten med inn foran tippekampen, fekk me også).
Kanskje fordi Lars Saabye Christensen fangar noko av dette.

Advertisements