Då eg skreiv manuset til Song for Eirabu I, skjønte eg jo etterkvart at det å skrive bøker var frykteleg mange delprosessar. Virrvarr-Ida har laga ei oversikt over hennar oppleving, og som Ellisiv Lindkvist kommenterer: Det der ser ut som ein veldig uproblematisk og lett prosess samanlikna med korleis det ofte er.

But anyways, skriving, sende til forlag, håpe på å bli antatt, vere heldig på første forsøk, men femti til hundre fram og tilbakemeldingar med tekst som må omstrukturerast, jobbast med, snørast inn og byggast ut og så bortetter, og SÅ er det lansering.

Å publisere bok er noko anna enn å skrive bok. Publisering er å snakke med journalistar, bli tatt bilete av, vente på (og lese) omtaler i aviser og på bloggar, dra rundt til alle som inviterer og lese opp, kjøpe ny kjole, gå til frisøren, øve og øve på å lese langsamt nok og med innleving nok, levere pakksetlar til Forfattersentrum, google seg sjølv, få epostar, snakke med folk på festival om mogleg omsetjing.

Alt slikt.

Og no, altså: Sjekke Innkjøpsordninga. Det er ikkje kjekt å bli nulla. Altså å ikkje bli kjøpt inn til biblioteka. Så eg har no vore aldri så lite nervøs.

I dag sjekka eg, og jo, der står boka mi på lista over innkjøpte bøker i 2009. Hurra!

På eit vis føles det som prosessen med å publisere Song for Eirabu I endeleg er avslutta.

I mellomtida har eg skrive ein femtedel av neste Eirabu-bok (er no i «redaktør har lese og likt! no er det berre å skrive vidare! tid! tid! pengar til å kjøpe meg tid!»-delen av prosessen), og omlag 80% av ei ungdomsbok (er no i «manus levert! hjelp! tenk om redaktøren synes det syg! gudane veit kor mange rundar me skal gjennom i løpet av hausten!»-delen av prosessen).

Men ikkje heilt, likevel. Eg har ei opplesing til i haust, og SÅ er det vel slutt. Trur eg. Det kjennest heilt merkeleg å skulle ut og lese opp frå første Eirabu-boka no. Eg er jo så djupt inne i dei nye bøkene.

Eg har forresten lagt meg til to nye mantra gjennom alt dette:

«Alt er prosess.»

og

«Alle har ein plan, så strengt tatt treng ikkje eg å ha ein.»

Advertisements