Medvindssupportarar har ikkje godt ry blant blodfansen i fotballverda, medan det framstår heilt streit å heie fram politikarar så lenge dei gjer elskelege val og seier fornuftige ting, og ditsje dei på det grovaste når det buttar både retorisk og substansielt.
Eg vil berre seie det, Jonas, at eg likar deg framleis. Eg elska deg kanskje meir nesegrust før, då du var som ein mild, akademisk bris frå Oslo Vest, ein mann for oss 6 prosenta med enorm studiegjeld, ein mann for oss som likar folk som kan tenke seg om før dei snakkar, og som kan tenke seg om fort. Før det viste seg at du var i overkant pragmatisk i høve ytringsfridom, at du kanskje var vel retorisk og ikkje alltid så substansiell, og før dine gode venner («dette unge paret»), Håkon og Mette-Marit la ut på pretensiøs pilgrimstur. Før du blei litt for glatt og litt for avslipt, før det viste seg at den raud-grøne regjeringa var blå-raud (altså lilla, som ikkje er så politisk kledeleg).

Men du er den du er, kanskje vel så elskeleg, med alle dine feil og manglar.
Eg var medgangssupportar, eg medgir det. Men i dag vil eg få flagge for deg og flagge at eg er motgangssupportar også. Måtte du få eit langt politisk liv, og måtte dei milde, triste augo dine alltid gi meg kjensla av at djupast sett vil du oss alle vel.

Gratulerer med 50-årsdagen.

Advertisements