Då vart dei første raudbetene hausta, kokt og servert med raudvinsedikk, litt sukker, sydesalt frå Læsø og nyhausta koriander.
Servert saman med raudbetblader laga som frisk spinat, råsteikte poteter (igjen: sydesaltet gjer alt betre. alt.) og lubne, skeive gulrøter. Ein tallerken med mørk grønt, djup raudt og klårt oransje.
Hausten er bråvakker, og eg har fått mat.
No er eg nesten ikkje sur meir.
Margbein. Løk, hvitløk, gulrot, kålrot, persillerot, potet og purre.
Margbein er det lite av i vegetarheimen. Men det bur ein danske i huset som sikkert saknar det.
Mannen seier vi må byrje å ete raudbeter. Korleis gjer vi det?
Tilbehør til middag, det fins mange gode oppskrifter. Og ifølge min mann så er det å ta skalet av ein kokt rødbete det mest tilfredsstillande ein kan gjere på eit kjøken.
Til neste år dyrkar du sjølv, Hydra.