Det er ikkje slik at eg er noko slåande positivt eller blidt menneske. Kan hende framstår eg slik for enkelte svært underhaldande folk som ikkje ser meg så ofte. Men for dei heilt vanlege folka eg har rundt meg heile tida, er det openbert at eg er humørsjuk, hissig og direkte sur av meg. Heldigvis har eg lært meg å vere tilstrekkeleg egoistisk med åra, for å vere oppofrande gjer humøret mitt frykteleg mykje verre. Då blir eg nemleg sjølvmedlidande og sjølvrettvist sur og humørsjuk, noko eg faktisk ikkje fattar at folk har halde ut med i årevis. Men det har dei, og no held dei same stakkars folka ut med at eg er blitt sjølvoppteken og egoistisk istaden, og dermed litt mindre sur og i alle fall betydeleg mindre sjølvmedlidande og sjølvrettvist sur.

Eg trekk meg vekk frå folk, frå ungane og ektefellen, inn på kontoret eller ut i skogen, og held dei surpompete nykkene for meg sjølv, og dyrkar eigne interesser og impulsar utan omsyn til familien. Eg arbeider berre 60 % for å dille med fiksjon, og eg reiser min veg støtt og stadig for å gjere det mest mogleg uforstyrra. Det gjer meg nesten grei.

Men berre nesten.
For det hender at eg surnar aldeles, NETTOPP fordi eg veit at eg har vore egoistisk og LIKEVEL ikkje får til det eg vil.

Slik som no.

Eg har hatt fri i fire dagar i strekk, og hadde ambisjonar om å gjere ferdig omarbeidinga av grovskissa til ein ganske kort roman (ja, såpass tilbakehaldne ambisjonar FAKTISK, så ein skulle tru det var REALISTISK, ikkje sant?). Og det har eg ikkje gjort. Tildels har eg blitt noko forstyrra av folk i huset her, men mest av alt har eg forstyrra meg sjølv på det unyttigaste. Eg har loka bort tida mi på internett, og eg har ikkje verken jogga eller sykla eller gått tur eller noko som helst av det eg elles meiner kan vere gode pausar frå surpomping. Neida, eg har berre sete her foran pc-en med dokumentet oppe på eine skjermen og internett på den skjermen eg må snu hovudet på skakke for å bruke, for det skulle liksom gjere det meir synleg for meg sjølv at internett berre var pauseverksemd, unntak, noko eg gjorde berre litt, medan Open Office-dokumentet med Den Viktige Teksten eg skulle Prioritere fekk skine på den store, praktiske skjermen rett over tastaturet.

Det verste er at det berre går ut over meg sjølv, og dermed fører til einslags passiviserande sjølvhat. Så no er eg sur, lat, eg har litt vondt i nakken og eg likar meg ikkje.

Argh.

Eg veit sjølvsagt om ting som dette og dette, men kva hjelper det når problemet ligg her?

Advertisements