Eg høyrer jo kva dei seier, desse mindfullnessfolka. Eg har høyrt Arne Næss senior seie noko av det same før, med litt andre ord. Og eg har jo både studert psykologi og gått på TM og trent regelbunde i periodar og drive med yoga og halde depresjonsmeistringskurs og i det heile.

Ver der du er.

Legg lista slik at du kjem over.

Kjenn dine avgrensingar og set pris på at du forstår deg sjølv.

Ta deg ein pause og nyt gjort arbeid.

Likevel grip eg meg i å tenke yeah whatever og blablabla når det kjem til meg sjølv. For klart at alle andre skal yte og nyte i harmonisk dynamikk og kvile mellom slaga.

Men eg? Eg er lat. Eg kan så mykje, vil så mykje, men når eg ikkje får gjort alt eg har tenkt, så er det fordi eg er eit jævla drog.

Og så snakkar eg meg sjølv mildt til rette, då, og styrer no unna dei verste djupdalane. Eg kan jo det òg, faktisk. Men under lurar kvardagssjølvhatet. Mentale kakerlakker som tyt ut i mørkre. Tankane om at eg burde og skulle og fy faen for ein slappfis eg er.

Meistringsstrategiar er det mange av. Men kjelda ser ut til å vere frisk og klar. Ein brekald straum av misnøye under vaksne bruar av fornuft.

Så gjeld det å montere ei mølle i elva. Misnøye driv verket.

Advertisements