«Så modig du er!» seier folk til meg.

Fordi eg bloggar om bøker eg ikkje har utgitt enno. Fordi eg seier opp jobben min for å skrive. Fordi eg går høgt ut og melder at eg har tenkt å gjennomføre ditt eller datt.

Underteksten er: Det er ikkje bra å seie at ein skal gjere noko, og deretter mislykkes.

Har eg rett? Har eg vrangt?

Eg er ikkje modig. Ikkje naiv eller dumdristig heller. Eg har berre ikkje spesielt mykje prestisje knytt til å gjennomføre ting eg eksar meg opp til å forsøke meg på. Det kostar meg ikkje ein skit å seie at i november skal eg skrive 50 000 ord, for deretter å falle av lasset omlag 3. november. Det kostar meg minus kaloriar å blogge om skriveprosessar som går opp, for deretter å gå i dass. Eg har ingen grunnleggande levereglar eller internaliserte sosiale kodeksar kring det å seie «no hoppar eg!» for etterpå å seie «nei, eg turde ikkje!».

Eg er ikkje modig, eg berre drit i det.

Advertisements