• Kristine Tofte
  • Kvar er Kristine?
  • Om Song for Eirabu

Vårlys

Vårlys

Månedlige arkiver: desember 2010

Ny, sjølvpålagt forhindring

15 onsdag des 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 7 kommentarer

Ja, det var ein gong eg oppdaterte bloggen dagleg, men det er det jamnt slutt på.

Greit nok. No har eg pålagt meg sjølv ytterlegare vanskar, ved å avgjere at frå no av skal alle blogginnlegg innehalde ein sjølvteikna illustrasjon. Eller i alle fall ein teikning eg har teikna sjølv, den treng ikkje vere illustrerande på nokon måte.

Eg har teikna noko. Ikkje fint, ikkje relevant og ikkje illustrerande, men det var i grunnen heller ikkje poenget. Eg skal berre tvinge meg sjølv til å bruke blyanten meir og tastaturet mindre.

Men så funkar ikkje scanneren. Dette til opplysning.

Tordenblogg!

09 torsdag des 2010

Posted by Avil in Lesarsørvis, Metablågging

≈ 5 kommentarer

Då er det Tordenblogg igjen. Det er ei greie skipa av Arne Hjorth-Johansen for å få folk til å oppdage nye bloggar. Klikk og kos dykk.
Som avsatt jurymedlem vil eg nytte høvet til å dele den diskvalifiserte poenglista mi med dykk:

12 poeng: http://neglelakkmani.com/ Neglelakkmani

Greia er at moteblogging er i ferd med å bli digert. Men dei norske rosabloggerne er ikkje i eit toppsjikt internasjonalt, uansett kor mange dyre vesker og walk-in-closets og hundretusen klikk dei har dagleg. Neglelakkmani har verken kyssemunnbileter eller dagboksoppdateringar av bloggaren, og har tvertimot gått annerledes og proft til verks. Dette er ein nisjeblogg innan moteblogging, der bloggaren utelukkande tek for seg neglelakk. Det siste nye i USA og Europa, det som er poppis på ebay, vanskeleg å få, og det som er verdt å shoppe for ein billeg penge her heime. Bloggen er løpande oppdatert, ho tar svært gode bilete (det er vanskeleg – ikkje utan grunn at nettavisene har tjuvlånt bileta hennar), gode lenker og oppdatering på gode kjøp, og ho bestiller og får tilsendt neglelakk frå USA og Europa og viser oss korleis ting kan brukast og resultatet. Neglelakkmani har trufaste lesarar blant neglelakkfans overalt. Noko så innovativt som ein norsk moteblogg av internasjonal klasse.

10 http://ingermerete.blogg.no/ Dette er ikke en blogg
Nummer to på lista er også nesten ein slags nisjeblogg, men kulturjournalisten Hobbelstad brukar bloggen sin til to fantastisk forskjellige parallelle løp. Det er kulturstoff i eit format me sjeldan får oppleve i dei flisetynne, norske papiravisene (for ikkje å snakke om dei flortynne nettavisene), ein kan berre nyte resultatet når ein seriøs journalist har gjort grundig research, eller reflektert og diskutert ei sak eller hending med kolleger og vener, og ikkje treng telle ord før stoffet blir publisert. Og så er det kongestoffet. Eller rettare: Bloggpostane der Hobbelstad tek for seg gjestar i kongelege brudlaup og diverse. Trur du at du ikkje gidd lese kva den tjuande gjesten hadde på seg? Du tek feil, du kjem til å lese, og du kjem til å skadefrydnyte.

8. http://www.virrvarr.net/ Virrvarrs roteloft
Virrvarr held koken, ho er faen ikkje 25 eingong, og Noregs frie bloggeverds grand Old Lady snart. Men ho held faktisk koken. Postane hennar er relevante, gjennomtenkte, viktige, hyppige, og ho svarar i kommentarfeltet. Ho er morsom, smart, modig og alt som er elskeleg. Dette er dagbok/meiningsytring-blogging i særklasse, både godt sett, godt skrive, godt tenkt og ei særskilt kjensle av at skribenten er ærleg (og vips, der fyller roteloftet dei fire krava mine til god skjønnlitteratur).

7: http://hjartesmil.blogg.no/ Hjartesmil
Mariell er også ei heilt særskilt stemme i bloggeverda. Eller eit særskilt syn. Ein hyperestetisk blogg, så gjennomført og gjennomarbeidd at ein blir sitjande stum første gongen. Ho skapar draumeopplevingar og stemningar med bilete og tekst, og samstundes kan ein ane noko sårt og nakent rett bak som gjer at det aldri blir glatt eller uinteressant.
Der Virrvarr får lesarane sine engasjerte i det eine temaet etter det andre, driv folkeopplysing og skapar debatt, får Mariell deg til å opne augene for din eigen kvardag.

6: http://bandanders.org/ Bandandersmuseum
Bileta til bandanders opnar også augo dine, men han tek meg ut av den kvardagen eg har inne på kontoret, foran kjøkenbenken, i sofaen. bandanders tar meg med på tur, me finn sauene hans saman, eg ser hunden stanse der framme og vente på oss, og eg ser og ser korleis verda finnes. Han er også skarp i ord, bandanders, og formidlar meir med eit bilete og ein setning enn tusen bilete eller tusen ord kunne sagt kvar for seg.

5: http://www.ainabasso.blogspot.com/ Aina Basso
Det er ein god del forfattarar som bloggar der ute, men berre ei som eg stikk innom kvar dag. Det er i grunnen hovudkriteriet mitt når eg skal lage denne lista. Bloggar som eg vender tilbake til. Aina skriv om andre sine bøker, ho deler opplevingar, refleksjonar og små tekstar. Eg vender tilbake. I periodar har dette vore den einaste bloggen eg har lese, medan eg var skikkeleg blogglei. Denne, bandanders og Flamme sin, faktisk.

4: http://www.flammeforlag.no/ Flamme Forlag
Ja, dei er ute etter å selge noko. Lyrikk, for det meste, litt brageprisvinnande sakprosa og ei og anna prosatekst av folk som stort sett lever av å skrive, så proffe er dei. Ein tvers gjennom kommersiell litteraturblogg, altså. Ikkje ahr postane kommentarfelt heller. Er dette ein blogg? Ei løpande oppdatert heimeside til eit forlag? Kven bryr seg? Det er faktisk bra, og dei held faktisk koken, og takk for det.

3. http://bokmerker.org/ bokmerker.no
Eg les mange bokbloggar. Eg kunne lage ei ti på topp-liste av bokbloggarar. Sorry, men dei er både skriveføre og mange og skriv om ting som eg gidd lese. Eg kan ikkje svinge emg opp til å bry meg med bilar, fotball eller kattar.
Det er så mange gode kandidatar. Bokmerker får vere den som representerer dei alle, fordi dei er så gode. Og fordi dei er fleire som bloggar saman, og det er bra.

2: http://www.lekkermunn.no/ Lekkermunn.no
Oh. My. God. Så mykje lekker mat. Og fine bileter! Og gode oppskrifter! Kan ikkje skrive, må ete noko.

1: http://oslofashion.blogspot.com/ OSLOFASHION
Gudane veit. Kva skal ein seie om dette, då. Ikkje så ofte oppdatert eingong. Men når folk er så jævleg morsomt onde, fortener dei poeng.

Eit avsnitt er også ein tekst (skriveøving 2)

02 torsdag des 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 5 kommentarer

No kan du drillen, kjære lesar. Eg slit med å rive meg laus frå deg, og derfor må du lide. For denne bloggposten er pinadø også berre ei skriveøving og ikkje verken gjennomtenkt eller tematisk. Det vil seie, eg skal ikkje påstå noko om kva denne psoten skal handle om i det heile tatt, for det veit eg ikkje. Eg har ti minuttar på meg, eg skriv og så postar eg.

Det har seg slik at eg har rota meg inn i ein ganske tett skog, og eg er heilt aleine. Det er ikkje naudsynleg ei negativ greie, eg likar meg i eige selskap, skog er fint, og det gjer ikkje så mykje at litterær skog reint symbolsk tyder død, slik havet tyder seksualitet, for døden fryktar me ikkje og neofreudiansk, austervegsk symbolikk treng me strengt tatt ikkje forholde oss til.

Men likevel er det jo slik, då, veit me jo begge to, etter eg har skrive og du har lese, så møter eg noko eller nokon her i skogen. Og møter er aldri reint ut koselege i Eirabu. Eg driv rett og slett svært lite med kos.
Me hadde vel ein prat eller tre om det sist, eg og redaktørane. At det ville vore fint om det skjedde noko hyggeleg for karakterane i blant, om ikkje anna, så fordi det mindre hyggelege virka betre om det fantes kontrastar (eller kvileskjer eller kva faen ein kallar slikt når ein har språk for språk og ord for ord, slikt eg ikkje har, og no har eg altså blitt førti og kjem nok aldrialdri til å bli litteraturvitar, og det er ei sorg større enn at eg ein gong skal døy). Så eg la no inn eit måltid og to, og noko tilnærmingsvis kjekt som skjedde. Greit, det var ikkje smertefullt, eg KAN skrive om hyggelege ting.

Det er berre ikkje HYGGELEG å skrive det eg skal skrive no. Eg er usikker på nøyaktig kor lite hyggeleg. Det vil vise seg.
Eg er ikkje aleine i skogen, i alle fall.

Så mykje veit eg.

Og då er tida mi ute og ha ein fin dag!

Eitt skikkeleg dårleg kapittel (skriveøving 1)

01 onsdag des 2010

Posted by Avil in Uncategorized

≈ 8 kommentarer

Skriveloftet på Litteraturhuset er stappfullt, eg finn ein ledig plass i eit hjørne. Det er nesten heilt stilt, sjølv om det sit så mange her, ei svak summing frå vifteanlegget, listande føter over teppegolvet, ei svak klapring frå hender over tastatura.

Først heng eg frå meg kåpe, lue og sjal på ein ledig kontorstol, fiskar opp laptop og ledning frå taska, og legg til rette for suksess. Mobilen bort, ikkje opne internett. Ups, opne internett. Men ikkje lese noko. Ikkje gå på Underskog og ikkje gå på facebook, ikkje lese epost og ikkje lese bloggar. Bestemme meg for at det er skrive eg skal, det er derfor eg er her.

Denne teksten er friskrift, ein timinuttarstekst der eg skriv akkurat kva som fell meg inn, for å komme i gong. Eg har fått Skriveboka til Merete Morken Andersen til bursdagen, og ho rår til to forskjellige slags slike tekstar: Å skrive i veg og så legge bort utan å lese, for å utmanøvrere indre sensor. Eller å skrive, og så jobbe vidare med teksten, plukke ut enkelte setningar som ein likar, og skrive vidare på dei i nytt dokument. Det er berre at eg er inngrodd nettmenneske, alt eg skriv er i dialog med verda der ute, alt eg skriv av setningar og halve setningar og små tankerekker blir fortløpande publisert. Det er rett og slett for uvant å skrive noko som ingen skal lese nokonsinne. Eg får det ikkje til. Upubliserte ord er veldig 1990, er det ikkje?

Så eg skriveøveskriver meg mens du får lese. ikkje fordi eg vil deg noko, eller kanskje fordi eg alltid vil deg noko, og no skal eg lausrive meg frå deg. Eg skal ikkje vere i dialog med deg i dag, eg skal ikkje skrive på ein slik måte at det ender med å trykke på Publiser-knappen, ok-knappen eller Enter. Eg skal berre skrive.

Målet er å skrive tusen ord, og ambisjonen er å skrive eitt einaste kapittel. Det må gjerne vere skikkeleg dårleg. Faktisk har eg for ti minuttar sidan sagt til ein annan 2009-debutant som sit her ute at planen er å skrive eitt skikkeleg dårleg kapittel før klokka blir seks. Og det skal stå i Song for Eirabu II desember-dokumentet. Eit skinande nytt dokument på 203 sider, overført frå novemberdokumentet, som eigentleg er NaNoWriMo-dokumentet, men som aldri blei noko særleg av. Livet kom og tok meg, som det så ofte gjer.

Men ikkje i dag. I dag skal eg skrive på Eirabu-manuset.

Eg skal skrive eit kapittel som er i ein meir forteljande stil enn dette manuset har vist seg å vere. Der Eirabu I var ei relativt forteljande roman mest heile vegen, er dette manuset i mykje større grad prega av at det begynner å skje underlege ting, og fleire av karakterane opplever endringar som er vanskeleg å fortelje om utan å bli meir opplevingsorienterte og dermed er det vanskelegare for lesaren å følgje med. Det er på mange måtar eit betre manus enn det forrige, stemma er både meir den same, men djupare, utan å sleppe karakterane. Tenk, no innser eg at eg likar denne boka betre enn den forrige, endå den ikkje er meir enn ein tredjedels ferdig.

Der var opninga! Der var det eg trong få ut av denne skriveøvinga, som eg ikkje visste på førehand:

Eg likar dette manuset betre enn det forrige.

 

Fint, takk for merksemda, no trykker eg på publiser utan å lese gjennom denne teksten, og så skriv eg eit skikkeleg dårleg kapittel. berre eitt. Kanskje blir det ikkje eingong skikkeleg dårleg, men det visste jo både du og eg frå før.

Siste kommentarar

Reklame fører ikke t… til I dag vil eg be deg om å halde…
Kan vi redde Eirabu,… til Nytt år, ny innsikt
Ja, hvorfor en bok o… til Treng me verkeleg ei bok om…
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Meir sexy av nynorsk… til Matpakkefeminisme
Avil til A4-livskompetanse
Camilla til A4-livskompetanse
Mirthful » Tho… til Politisk heimlaus finn sv…

Nylige innlegg

  • Lykkejegar
  • Overgangssituasjonar
  • Nynorskjudas
  • Vørterbrød 2.0
  • Fangirlbonanza

Tidlegare postar

Påklistra merkelappar

desember 2010
M T O T F L S
 12345
6789101112
13141516171819
20212223242526
2728293031  
« nov   jan »

Blogg på WordPress.com.

  • Følg meg Følger
    • Vårlys
    • Bli med 92 andre følgere
    • Har du allerede en WordPress.com-konto? Logg inn nå.
    • Vårlys
    • Tilpass
    • Følg meg Følger
    • Registrer deg
    • Logg inn
    • Rapporter dette innholdet
    • Se nettstedet i Leser
    • Behandle abonnementer
    • Lukk denne menyen