No kan du drillen, kjære lesar. Eg slit med å rive meg laus frå deg, og derfor må du lide. For denne bloggposten er pinadø også berre ei skriveøving og ikkje verken gjennomtenkt eller tematisk. Det vil seie, eg skal ikkje påstå noko om kva denne psoten skal handle om i det heile tatt, for det veit eg ikkje. Eg har ti minuttar på meg, eg skriv og så postar eg.

Det har seg slik at eg har rota meg inn i ein ganske tett skog, og eg er heilt aleine. Det er ikkje naudsynleg ei negativ greie, eg likar meg i eige selskap, skog er fint, og det gjer ikkje så mykje at litterær skog reint symbolsk tyder død, slik havet tyder seksualitet, for døden fryktar me ikkje og neofreudiansk, austervegsk symbolikk treng me strengt tatt ikkje forholde oss til.

Men likevel er det jo slik, då, veit me jo begge to, etter eg har skrive og du har lese, så møter eg noko eller nokon her i skogen. Og møter er aldri reint ut koselege i Eirabu. Eg driv rett og slett svært lite med kos.
Me hadde vel ein prat eller tre om det sist, eg og redaktørane. At det ville vore fint om det skjedde noko hyggeleg for karakterane i blant, om ikkje anna, så fordi det mindre hyggelege virka betre om det fantes kontrastar (eller kvileskjer eller kva faen ein kallar slikt når ein har språk for språk og ord for ord, slikt eg ikkje har, og no har eg altså blitt førti og kjem nok aldrialdri til å bli litteraturvitar, og det er ei sorg større enn at eg ein gong skal døy). Så eg la no inn eit måltid og to, og noko tilnærmingsvis kjekt som skjedde. Greit, det var ikkje smertefullt, eg KAN skrive om hyggelege ting.

Det er berre ikkje HYGGELEG å skrive det eg skal skrive no. Eg er usikker på nøyaktig kor lite hyggeleg. Det vil vise seg.
Eg er ikkje aleine i skogen, i alle fall.

Så mykje veit eg.

Og då er tida mi ute og ha ein fin dag!

Advertisements